Dokumenta vert publisert når dei er registrerte/journalført i sak/arkivsystemet hjå oss.

Gå til innsynsportalen

På postlista kjem post som:

  • er saksrelevant og som krev svar frå kommunen
  • har ålmenn interesse
  • har verdi som dokumentasjon

Fulltekstdokument med personnummer, kontonummer o.l. som er skjerma med ein tilgangskode vert ikkje publiserte, men er tilgjengelege på førespurnad og meirinnsyn vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Tinga meirinnsyn

For å tinga meirinnsyn i dokument må du gå i innynsportalen, der postlista er. Her ligg journalpostane etter dato, dei nyaste øvst. Du kan også søkja på saksnummer eller tittel. Når du har funne dokumentet du vil tinga vel du funksjonen "Ting innsyn via e-post". Send inn førespurnaden.

Innsyn

Hovedregelen er at forvaltninga sine saksdokument er offentlege, når det ikkje er gjort unntak i lov eller i medhald av lov. Retten gjeld dokument i ei bestemt sak, det vil seie dokument som er produsert av, komt inn til eller lagt fram for eit forvaltningsorgan. 

Rett til innsyn gjeld dokument i ei bestemt sak, det vil seie dokument som er produsert av, komt inn til eller lagt fram for eit forvaltningsorgan. Hovudregelen er at forvaltninga sine saksdokument er offentlege, når det ikkje er gjort unntak i lov eller i medhald av lov