I Stord kommune har me fleire felles oppgåver i lag med helse, blandt anna:

Velferdsteknologi: Dette er eit tilbod om ulikt utstyr som kan vera med å gjera kvardagen tryggare og betre for dei som kanskje gløymer lett, er dårlege til beins eller som av andre grunnar treng litt ekstra i kvardagen. Det finnes røykvarslarar som er knytt opp mot HT-sage via trygghetsalarmen vedkomande har. Dette er særleg nyttig for dei som ikkje evnarå få varsla brannvesenet om noko skjer, eller dersom dei av ulike grunnar ikkje klarar og komma seg ut på eiga hand.

Det finnes og gode hjelpemiddel dersom ein har problem med hørselen.

Førebyggjande heimebesøk

Hausten 2015 starta Stord kommune opp eit prosjekt med førebyggjande heimebesøk med målsetnad om å bidra til eit auka fokus på tryggleik, trivsel og aktivitet slik at eldre kan bu trygt, godt og lengre heime. Alle som fyller 78 år, som er heimebuande og ikkje har tenester frå kommunen får tilbod om besøk.

Kvifor valde med 78-åringane? Me ynskjer å komma i kontakt med friske oppegåande seinorar som fortsatt er handlekraftige. Då kan ein gjera endringar i livet som kan gjera alderdommen tryggare, meir forutsigbar og at ein kan ta nødvendige val for seinare. Dei aller fleste ynskjer å bu i eigen heim så lenge som mogleg. Korelis må heimen vera for at ein skal kunna bu der uansett helsesituasjon? Dette kan vera eit tema i besøket.

Å bu trygt heima handlar også om å unngå farar som til dømes brann. Brannsikkerhet kan aukast med enkle tiltak som gjer det tryggare. Det å ha røykvarslarar, samt sløkkjeutstyr i tilegg til det som er standar er viktig.

Godt å bu heime

Dette er eit prosjekt som starta hausten 2017 der Stord kommune ønskjer å bevistgjera innbyggjerane på eige ansvar for at bustaden har livsløpstandar. Ein har fokus på at dei fleste av oss ønskjer å bu heime uavhengig av livssituasjon, for det er ikkje greitt å måtta flytta ut av heimen fordi det har skjedd ein skade eller ein vert råka av sjukdom.Derfor vil me informera og gje råd til innbyggjerane, unge og eldre, om at det er lurt å tenkje at du skal kunna bu i huset ditt heile livet om du ynskjer det.

Det skal vera godt å bu heime!