Terje og Ellen Aase tok initiativ til å få installert heis i Linneatunet, ein 3.etasjes blokk utan heis. Dei bur i 3. etasje og vurderte om dei framleis kunne bu i heimen sin då trapper til og frå heimen var blitt ei utfordring.

Med tilskot frå Husbanken, Nav, eigne midlar og stor innsats frå dei sjølve er det no mogleg for bebuarar i 2. og 3. etasje å fortsatt bu i eigen heim uansett kva som skjer i livet. Det er og mogleg å bu der med barnevogn eller om ein har ei veninne i rullestol som ynskjer å komme på besøk. All grunn til å feire eit skritt nærare ein bustadmarknad som ivaretek heile befolkninga.

Valvatne Bygg og ergoterapitenesta i kommunen har vore viktige samarbeidspartnarar og deltok i feiringa. Ordførar Gaute Epland klippa snora. 

Prosjekt Godt å bu heime vert snart avslutta. Arbeidet med at alle på Stord skal bu trygt og godt i heimen og ikkje måtte flytte om ein blir sjuk eller det skjer ei ulykke vil halda fram.

Sjå filmen om Linneatunet her: