Bakgrunn

Bakgrunn for arbeidet med «Godt å bu heime» er eit ynskje om at fleire skal ha ein bustad som gjer at dei kan bu der uavhengig av  livssituasjon. Med prosjekt «Godt å bu heime» vil ein informere og gje råd til innbyggjarar, unge og eldre, om at det er lurt å tenkje at dei skal kunne bu i huset sitt heile livet om dei ynskjer det. 

Råd og rettleiing

Stord kommune kan gje råd og rettleiing, men ein har sjølv ansvar for å ha ein bustad som fungerer godt for heile familien uansett kva som skjer.

Det er ikkje greitt å måtte flytte ut av heimen fordi det har skjedd ein skade eller ein vert råka av sjukdom. 

Branntryggleik

Godt å bu heime har og fokus på branntryggleik.  Ein funksjonell bustad er ein bustad som er lett å redde seg ut av dersom det skulle oppstå ein brann.  Sjå filmar om ulike sidar av det å trygge heimen slik at brann ikkje oppstår, og kva du gjer når det likevel brenn.

Gje innspel

Stord kommune tar gjerne imot innspel og hendvendingar frå firma og enkeltpersonar som har interesse av og kunnskap om korleis gjere ein heim tilgjengelig, funksjonell og brannsikker.  Det estetiske og vakre er ein del av heilskapen.

Den som tar kontakt vil kunne påverke korleis ein i framtida skal utforme bustader med universell utforming og branntryggleik i Stord kommune.

Informasjon til innbyggarane om ulike sider ved det å oppgradere eller bygge på ein slik måte at dei kan bu i huset uansett livssituasjon, blir formidla gjennom facebookside, små filmsnuttar vist ulike stadar, brosjyre og ved personleg kontakt og møter. 

Følg godt å bu heime på facebook

Under kan du sjå små filmsnuttar om ulike tilpassingar i bygg og heimar.