Det er tre faktorar som påverkar storleiken på eigedomsskatten:

  • Takstgrunnlaget
  • Promillesats
  • Botnfrådrag

Takstgrunnlaget

Takstgrunnlaget vert motteke anten frå Skatteetaten (for dei aller fleste bustadeigedomar) eller vert vedteke lokalt av kommunens sakkunnige nemnd for eigedomsskatt.

For bustadar og fritidsbustadar er eigedomsskattegrunnlaget 70% av bustadverdien frå Skatteetaten/kommunal takst. For andre eigedomar er eigedomsskattetaksten sjølve eigedomsskattegrunnlaget.

Skattesatsen for 2025

Bustad/fritidseigedomar: 1,8 promille

Næringseigedom/ubebygd grunn: 7 promille

Botnfrådrag

Botnfrådrag for eigedomsskatt i 2025 er kr 600 000.

Kor mykje må eg betala i eigedomsskatt?

Kor mykje du skal betala i eigedomsskatt kjem fram på skattesetel som vert sendt elektronisk innan 1.mars kvart år.