Føremål

Stord kommune si kunstordning har som mål å medverka til ei heilskapleg, kunstnarleg og estetisk utforming av det offentlege rommet. Det skal leggjast til rette for at kunst blir til glede for ålmenta, lett tilgjengeleg i kommunale bygg og uterom. 1% av kommunen sitt samla investeringsbudsjett, unnateke sjølvkostfinansierte investeringar, skal setjast av til kunst i offentlege rom.

Styret for kunstordninga

Styret for kunstordninga har fire medlemer. Dei politisk valde har stemme- og forslagsrett, kunstkonsulenten har tale- og forslagsrett.

  • Marit Tislevoll Odland (Ap), leiar - politisk vald
  • Reinert Svanberg (Frp) - politisk vald
  • Ingrid J. Jordåen (Sp)- politisk vald
  • Anneli Belsvik Aras, kunstkonsulent - peikt ut av dei politisk valde medlemane i styret for kunstordninga

Politisk valde varamedlemer:

  • Anna Sofie E. Valvatne (Sv)
  • Mari-Ann Tveita (Frp)
  • Mai Britt Hellesund (H)

Frå administrasjonen, med talerett:

  • Siren Eldøy Hinderaker, personal- og organisasjonssjef - peikt ut av rådmannen
  • Ragnhild Tveit, kulturrådgjevar

Styret for kunstordninga skal utnemna kunstkomitear til einskilde kunstprosjekt, gje mandat og godkjenna kunstplanane frå komiteane.
Kunstkomiteane skal ha med representantar frå brukarane, styret i kunstordninga og prosjektleiar for bygget. Der det er aktuelt kan arkitekten for prosjektet involverast. Komiteane skal leiast av kunstkonsulent. Konsulentoppdraget skal lysast ut i samarbeid med Hordaland kunstsenter.

Styret for kunstordninga har ansvaret for gjennomføringa av kunstprosjektet.

Opplev kommunen si kunstsamling

Visste du at du som innbyggar i Stord kommune er eigar av mykje flott kunst og utsmykking som er plassert rundt om i kommunen?

I kunstdatabasen vår kan du sjå bilete av kunstverka og finne plasseringa.

Me jobbar med å registrere alle kunstverka til kommunen og vil etter kvart utvide med kulturminne. Databasen vert stadig oppdatert. Ta kontakt med oss om du saknar noko eller har innspel til kunstdatabasen.