Sanitærmelding er ein søknad om å få knyta seg til kommunalt vass- og avlaupsnett, direkte eller via private felles leidningar, eller melda i frå om endringar som vert gjort på innvendige sanitæranlegg og utvendige VA-anlegg. Døme: nytilkopling og rehabilitering av VA-anlegg, ombygging som medfører nye bu/brukseiningar, fråkopling av VA-anlegg, lekkasje, montering av vassmålar, tilbakeslagsventil.

Søknad skal godkjennast av Stord kommune før arbeid vert sett i gong. Det skal sendast inn ferdigmelding etter at arbeidet er utført.

Private hushaldningar har ikkje høve til å levera sanitærmelding sjølv.  Det skal vera godkjent føretak som prosjekterer og utfører arbeid på sanitæranlegg.

I den elektroniske tenesta kan røyrleggjar:

  • Fylla ut søknad
  • Teikna direkte inn i leidningskart
  • Sjekka status i sanitær-saka di
  • Senda ferdigmelding

Tenesta gir røyrleggjar god oversikt over kva for søknader som er sendt til oss, om søknadane er godkjent og om ferdigmelding er levert.

Alle føretak loggar seg på portalen med eige brukarnamn og passord. Du får då tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker.

Logg deg inn her 

Under «Hjelp» på denne nettsida finn du en videofilm med rettleiing i registreringsprosessen