Kven skal ha vassmålar?

Næringseigedomar og eigedomar med offentlege bygg skal ha vassmålar, jf. forskrift om vatn og avløp § 3-5

For eigedomar med bustadar er det ikkje sett krav om vassmålar, men ein kan velje å montera vassmålar.

Slik skaffar du deg vassmålar

Du må kontakta rørleggar. Rørleggar monterer vassmålaren og melder den inn til kommunen. Abonnentar som har vassmålar eig sjølv vassmålaren, og kostar sjølv installasjon, drift og utskifting av denne.

Lese av vassmålar

Alle vassmålararskal lesast av to gongar årleg, innan medio juni og medio desember. Målarstand skal rapporterast på svar-SMS eller på målarkort etter avtale.

Prisar

For kommunale gebyr sjå kommunale avgifter og gebyr – Vatn og avløp etter målt mengde, m³, side 3 og 4.

Lovar og reglement

For regelverk om gebyr og vassmålar sjå  Forskrift om vass- og avløpsgebyr – kapittel 4.

For Stord kommune sitt sanitærreglement sjå vassmålar side 10. Les meir om sanitærmelding her.