Korleis bli fosterheim?

Dersom du vurderer å bli fosterheim, kan du finna informasjon på Bufetat sine nettsider: Fosterhjem | Bufdir

For å kunne bli fosterheim må du bli godkjent og gjennomføra ei opplæring gjennom Bufetat. Du kan ta kontakt med Bufetat eller oss for meir informasjon.  

Som fosterheim for Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste får du:

  • opplæring før oppstart
  • oppfølging frå barnevernstenesta, 4 besøk i året
  • oppfølging frå kontaktperson til barnet
  • individuell rettleiing til fosterheimen den første perioden
  • tilbod om grupperettleiing – trygg base, traumebevisst omsorg fosterforeldre, PMTO  
  • temadagar; kurs og oppfølgingsprogram
  • vaktordning utanom ordinær arbeidstid
  • årlege evalueringar på vilkår i kontrakt
  • brubygging mellom fosterheim og foreldreheim

Ekstra støttefunksjonar som kan innvilgast etter behov:

  • avlastingstilbod
  • individuelt tilpassa rettleiing utover oppstartsfasen
  • støttefunksjonar som miljøarbeidar, støttekontakt med meir
  • frikjøpgrad frå ordinært arbeid  

Lønn som fosterforeldre

Som fosterheim for Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste får du ein ein fast grunnpakke som består av:

Meir informasjon finn du på Bufdir.no | Bufdir eller på Hjem - Norsk Fosterhjemsforening

Ta kontakt om du har spørsmål.  

Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste bygg oppfølging av barn, foreldre og fosterforeldre på verdisynet til Brobyggerprogrammet - Norsk Fosterhjemsforening