Om Teaterfestivalen

Teaterfestivalen 2026 vil bli arrangert 10. - 12. april i Stord kulturhus. Klikk her for påmelding.

Teaterfestivalen er ein viktig samlingsstad for barn og unge innan scenekunst i Vestland og Rogaland. Rundt 200 unge deltakarar viser teaterframsyningar for kvarandre og deltek på workshop og sosiale aktivitetar i løpet av ei tettpakka festivalhelg. Vestland fylke er økonomisk støttespelar for denne festivalen som blir arrangert av Stord teaterlag og Stord kommune.

Med lokal forankring og gode samarbeidspartar har Stord teaterlag og Stord kommune sidan 1985 klart å byggja opp ein møteplass for teaterfolk der spelegleda alltid er i fokus! Ikkje minst er dette ein stad der alle som ynskjer det kan få stå på scena og vera ein del av det unike fellesskapet ein teaterproduksjon er.

Påmeldingsinformasjon

Skjema for påmelding til festivalen 2026

Er du leiar for meir enn ei teatergruppe/ teaterstykke? På grunn av avgrensingar i skjemaløysinga må du senda inn eitt skjema for kvar gruppe eller framsyning som skal delta på festivalen.

Festivaltidspunkt 2026: 10. - 12. april.

Frist for påmelding: 25. februar 2026.

Teateringress2.jpg

Kven kan delta

Alle opne teatergrupper med utøvande deltakarar i alderen 7 til 21 år kan delta.

  • Stykket må vera premiereklart når det kjem til festivalen (eller de kan visa utdrag).
  • Scenografien skal vera festivalvenleg (raske sceneskift).
  • Speletid 20 - 90 minutt 
  • Kort riggetid 10 - 15 minutt (maks 15 minutt opprigg, 10 minutt nedrigg) - de får riggehjelp på scena om de har behov for det.

Teateringress3

Hos oss får du oppleva

  • Ei helg (tre dagar) fullstappa av teaterstykker og ulike sosiale aktivitetar. 
  • Konsert, disco, spontan talentkonkurranse og teaterverkstadar/ workshops
  • Stor og god teaterscene
  • Erfarne, dyktige og kjekke teater- og dugnadsfolk
  • Hyggjelege og flinke teknikarar
  • Måltid heile helga og overnatting på sentral skule med vakthald
  • Og sjølvsagt, minner for livet!

x1024_2.jpg

Typisk programoppsett

Ei festivalhelg ser vanlegvis slik ut:

Fredag
Registrering/ innsjekk frå kl. 18. 
Kveldsmat rundt kl. 19:30
Aktivitetar frå kl. 19 - 22

Lørdag
Frukost frå kl. 09. Lunsj ca. kl. 13-14. Middag ca. kl. 18-19. 
Framsyningar og workshop frå kl. 9 til 21. 
Sosiale aktivitetar frå 19-21 (under 13 år) og fram til 22:30 for ungdom.

Søndag
Frukost frå kl. 09. Lunsj (bagett) ca kl. 13
Utsjekk skule innan kl. 11
Framsyningar og workshop frå kl. 10 til ca. kl 15
Festivalslutt ca. 15-15:30
 

Pris

Alternativ 1

  • Festivalpass med overnatting på skule 1095,-
    Inkluderer 2 overnattingar, alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

Alternativ 2

  • Festivalpass for deltakar som ordnar eigen overnatting 895,-
    Inkluderer alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

FRIKVOTE: Vaksne gruppeleiarar og frivillige har gratis deltaking
(3 fri inntil 20 unge deltakarar, deretter 1 ekstra fri per 10 ekstra deltakarar. Pris for vaksne utover frikvote er 895,- per person.)
xmon_1024_2.jpg

Påmeldte grupper

Teatergrupper som har vore med dei siste åra:

-Askøy teaterlag, mellom
-Askøy teaterlag, ungdom
-Bergen musikkteater
-Bukkene Bruse, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Gjøglerne, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Global teater, Bergen kulturskole
-Haugatun mellom, Bergen kulturskole
-Haugatun ungdom, Bergen kulturskole
-Nordlys, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Ny Krohnborg, Bergen kulturskole
-Soria Moria
-Spinae
-Stord teaterlag
-Åsatun mellom, Bergen kulturskole
-Åsatun ungdom, Bergen kulturskole