Omtale

Tilbodet til brukarar med vedtak vil bli gitt i form av individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon.

Tilrettelagt fritid vil så, i samarbeid med brukar/pårørande, finna fram til den organiseringa som vil høva best for den enkelte.

Tilrettelagt fritid vil òg ha ansvar for rettleiing og oppfølging av støtte-/fritidskontaktane. Dette kan vera i form av individuell rettleiing, kurs, samarbeid med andre tenester rundt brukarane og liknande. 

Målgruppe

Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem.

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjera om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er dine behov for aktivitetar i fritida di som er avgjerande.

Om du er usikker på kva type aktivitet som kan vera interessant for deg, kan du finne ein del tips i denne brosjyra frå Fritid med bistand Rett nok finst ikkje alle desse tilboda i Stord kommune, men du kan kanskje bruka brosjyra som ein inspirasjon til å tenka nytt.

Pris

Tenesta er gratis og det er kommunen som betalar tildelt timegodtgjersle for støttekontakten. Du skal ikkje betala for utgiftene til det, men du må betale andre utgifter som t.d. eigenandel på aktivitetar, utgifter til transport m.m. Dei som har behov for følgje i samband med fritidsaktivitet kan søkja om følgjekort (ledsagerbevis). Ved framvising av eit slikt kort betalar du eventuell inngangsbillett for deg sjølv, og følgjeperson vil kunna få gratis eller redusert inngangsbillett. Spør arrangør dersom du lurer på om følgjekortet kan nyttast.

Ved å trykka på bildet under finn du meir informasjon om og søknadsskjema for følgjekort.

  Følgjekort

Rettleiing

Du kan venda deg til kommunen for å få hjelp til å søkja om støttekontakt, eller be andre om hjelp dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkomande ha fullmakt. Denne må i tilfelle leggjast ved søknaden.

Vedtak

Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Du får alltid ei grunngjeving saman med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få den ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå mottak av vedtaket. Forklar årsak til misnøya og kvifor du meinar vedtaket bør endrast. Dersom det trengst rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Let kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal bli teken til følgje.

Klage, illustrasjon