Støttekontaktar skal medverka til å byggja nettverk og førebyggja isolasjon og einsemd. Dei skal fungera som brubyggjarar mellom tenestemottakar og ulike aktivitetar.

Støttekontakt passar for personar av begge kjønn som ynskjer å dela tida si med andre, og som ynskjer å utføra eit meiningsfullt og godtgjort engasjement for personar som treng bistand til fritidsaktivitetar. Eit slik engasjement kan ikkje erstatta anna type arbeid, men vil vera eit oppdrag med gjennomsnittleg 3 timar i veka pr. brukar.

Ein støttekontakt skal ha fylt 18 år for å ta til i eit oppdrag, men kan senda søknad inntil 6 månader før fylte 18 år. 

Søknadsskjema

Alle felta merka med * MÅ fyllast ut. Dersom skjema er rett utfylt, skal du få opp ei kvitteringsside etter at du har trykt på Send-knappen. Dersom dette ikkje skjer, må du sjekka om det er noko du har gløymt å fylla ut.

Når du fører opp personar som referansar, er det viktig at du har avtalt dette med vedkomande. Hugs også å gje opp telefonnummer til vedkomande og ikkje berre namn.

NB! Det er viktig at e-postadressa er oppdatert og at e-post blir jamleg lest, då alle svar vil bli sendt til adressa du har oppgjeve. Du bør også sjekka spamfilteret eller bosbøtta for å unngå at ev. e-postar frå oss vert liggjande der. Det hender av og til at mellom anna invitasjonar til intervju hamnar der. Det kan også vera lurt å ha ein aktiv digital postkasse før du søkjer (Digipost eller E-boks), då svar på søknadar m.m. i første omgang vert sendt til ein slik postkasse.

Her finn du søknadsskjema for å bli støttekontakt og du må logga på ved å bruka ID-porten (Bank-ID eller Bank-ID på mobil) for å kunne nytta skjemaet.