Komfyrvakt

Restar av brann i komfyr

På landsbasis rykka brannvesenet i fjor ut til 3138 brannar i private heimar, heile 1344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.

Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og råkar eldre menneske, men flest dør i brannar om natta. Då er det ofte unge menneske i alkoholpåverka  tilstand som vert råka. Berusa personar har svekka dømmekraft og merksemd, og kan fort sovna frå komfyren.

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel og installere. Sensoren overvåkar kokeplatene. Dersom sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gir sensoren beskjed til ein brytar om å kutta straumen til komfyren. Faren for brann er då over.

Det er viktig at alle føl med og er tilstades under matlaging, dersom ein blir avbroten er det viktig at ein skrur av eller dempar varmen. Pass på å reingjer ventilator jamleg og ver obs på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketopp.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og dersom dersom ein pussar opp kjøkkenet sitt. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakt får du kjøpt hos elektronikkbutikkar, og i ein rekke kjøkkenbutikkar og på nett.

Dersom ein kjenner nokon der det av ulike grunnar kan vera eit ekstra behov for ein komfyrvakt kan ein søkja til hjelpemiddelsentralen om å få dette dekka.

Rett fyring

Feiarlærling ser inne peisovn

Når dei lange , kalde høst og vintermånadane setter inn for fullt, så byr det på meir vedfyring og kos inne. Her gjeld det å fyre rett, slik at ein får ei optimal og ikkje minst trygg fyring.

  • Bygg bålet ved å plassera tørre vedkubbar nedst, og ei blanding av opptenningsved og brikettar på toppen.
  • Tenn frå toppen slik at ein får ei raskare opptenning i kammeret.
  • Sørg for nok luft, og at trekken står open.
  • Husk at kjøkkenvifta og ventilasjonsanlegg kan vera med på å redusera trekken i skorsteinen.
  • Ha gjerna ovnsdøra open i eit par minutt slik at flammene får tatt seg opp, å reguler trekken etter kvart.

Har ein gode fyringsvanar, bidrar dette til mindre sot- og partikkelutslepp. Faren med å fyra over tid med feil trekk eller fuktig ved er at det kan danna seg beksot i skorsteinen, og det er denne som kan forårsake brann i skorsteinen.

Trygg i båt

Brannvesenet ønskjer å minna om at propanlekkasje, kullosforgifting og brann er reelle farer i båt. Brannvesenet anbefaler gassvarslar, CO-varslar og røykvarslar i båt med overnattingsmogelegheit. Med dette om bord går du ein trygg båtsesong i møte.

Trygg-i-baat-brosjyre-Stord.pdf - bokmål

trygg i båt - foto