Leirvik gjestehamn

Leirvik hamn

Gjestebrygga ligg inst i hamna -  i sentrum av byen. Strandpromenaden i sentrum går og rundt gjestehamna og ut til ytst på moloen.

Her kan du sjå webkamera over gjestehamna.

Tenester i gjestehamna:

  • bunkring
  • straum
  • vatn
  • leikeapparat
  • serviceanlegg med toalett/dusj, vaske- og tørkemaskinar (ope i perioden 15. juni til 15. august)
  • grillområde/grillhus med bord og benker
  • gratis trådlaust internett
  • tøming av septik

Frå gjestehamna er det gåavstand til kino, symjehall, restaurantar, forretningar, museum, apotek, lækjarar, tannlege, politi, bank og post. 

Ordensreglement for Leirvik gjestehamn

Pris

Bruk app`en GoMarina for å finne pris og betale for opphaldet.

Storddøra

Kunstverket på moloen ved innløpet av Leirvik heiter Storddøra . Det er den kjende kunstnaren Sissel Tolaas frå Stord som står bak verket. Parken rundt kunstverket er kalla Onarheim Parken.

Sagvåg gjestehamn

Sagvåg gjestehamn

Lun og skjerma gjestehamn. 

Tenester i gjestehamna:

  • straum
  • vatn
  • Diesel ved Aasheim slipp

I gangavstand finn du bl.a. apotek, frisør, daglegvarebutikk, kafe/pub. Hamna i Sagvåg vert av båtfolket rekna for å vera ei av dei finaste på Vestlandet. Bruk app`en GoMarina for å finne pris og betale for opphaldet.

Huglo gjestehamn

Huglo gjestehamn

Huglo har ei fin gjestehamn like ved daglegvarebutikk. Du betaler hamneavgift i butikken.

Tenester i gjestehamna:

  • bunkring
  • Vatn
  • Straum
  • Toalett
  • post 
  • vaskemaskin /tøketrommel
  • dusj

Sjå elles www.huglo.no  

Avgift

Her finn du kva det kostar å ligge ved gjestehamnene på Leirvik og Sagvåg. Du kan bruka app`en GoMarina for å betala.

Huglo gjestehamn er privat og ein betaler i butikken på kaien.