Ein serveringsstad er definert som ein stad som mot betaling serverer mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for at gjestene et eller drikk på staden. Det treng ikkje vera tilrettelagt for sitteplassar for å bli rekna som serveringsstad.

Nettsidene E-guiden for serveringsbransjen og Altinn - Starte og drive bedrift kan hjelpa deg å få oversikt over det du må ha på plass før du kan starta opp ein serveringsstad.

Dersom søkar oppfyller vilkåra som er heimla i serveringslova, skal kommunen gje serveringsløyve til søkar.

Krav om serveringsløyve gjeld både for innandørs og utandørs servering, og lokalet eller uteområdet treng ikkje å ha sitteplassar for å bli rekna som ein serveringsstad.

Døme på serveringsstader er restaurant, kafe, konditori, gatekjøkken, matvogn, pub og bensinstasjonar med matservering osb. Sjølv om det kun vert servert alkoholfri drikke, t.d. juice-/smoothiebar, er det krav om serveringsløyve.

Kven må ha serveringsløyve

Alle som vil servera mat og drikke i næring må ha kommunal godkjenning til dette. Dette vert kalla serveringsløyve.

Eit serveringsløyve gjeld kun for den serveringsstaden og den løyvehavaren som er oppgjeven i søknaden og som vert godkjent i vedtak om serveringsløyve.

Du kan ikkje overdra eit løyve til andre. Dersom du ønskjer å opna ein ny serveringsstad i tillegg til det du allereie har løyve for, må du søkja om nytt løyve for den nye staden. Du kan ha fleire serveringsløyve.

Krav til dokumentasjon i søknad om løyve

For enkel rettleiing om du skal starta og driva verksemd i Noreg, har Altinn.no nyttig informasjon. E-guiden for serveringsbransjen kan hjelpa deg å få oversikt over det du må ha på plass før du kan starta opp.

Søk om serveringsløyve her

Krav til dokumentasjon etter serveringslova:

  • Søknad skjema skal vera rett utfylt, med alle opplysninger, jf. Serveringslova § 8.
  • Aksjeeigarbok. Alle eigarar av verksemda skal meldast inn, både personar og juridiske personar, jf.  Aksjelova §§ 4-5 og 4-6
  • Eit enkeltmannsføretak skal vera knytt opp til eigar/søkjar.
  • Dagleg leiar ved serveringsstaden skal dokumentera godkjent Etablererprøve, jf. Serveringslova § 5.
  • Skatteattest/mva attest ikkje eldre enn 6 mnd.
  • Leigekontrakt

Krav til dokumentasjon etter andre lover og forskrifter:​

  • Kopi av melding til mattilsynet
  • Teikning av serveringslokalet, med innreiing, for å kunne vurdera tal gjester og om ev. endringar i lokalet er søknadspliktige

Sakshandsaminga går raskare om følgjande dokumentasjon ligg føre:

Det er søkjar som i samsvar med ot.prp. nr. 55(1996-97), til § 3 bevilling, fjerde avsnitt, pliktar å hente inn naudsynte godkjenningar:

            «Bevillingshaver er også forpliktet til å innhente de tillatelser som er nødvendige i henhold til annen lovgivning eller forskrifter, som f eks etter næringsmiddellovgivningen, plan- og
              bygningslovgivningen, brannvernlovgivningen e l.»

Skal du i tillegg søke om skjenkeløyve, treng du dokumentera:

  • Kunnskapsprøve for skjenkestyrar og reserveskjenkestyrar
  • Arbeidskontrakt, for styrar og reservestyrar, dersom desse ikkje er eigar, jf. alkohollova § 1-7c.
  • Ei beskriving av systemet dykkar for internkontroll jf. alkoholforskriften kap. 8
  • Ei beskrifing av konseptet dykkar
  • Forventa omsett mengd alkohol

Fellestenester vil raskast mogleg handsama søknadar om serveringsløyve og skjenkeløyve, når all naudsynt dokumentasjon er motteke. Sakshandsamingstida for serveringsløvye er inntil 60 dagar, medan sakshandsamingstida for skjenkeløyve er inntil fire månader.  Det er formannskapet som fattar vedtak om skjenkeløyve.

 Det vil bli henta inn vandelsuttale frå politi og skatteetaten.

Dersom du er uenig i eit vedtak, kan du klaga på det. Klagen sender du på e-post til post@stord.kommune.no.  Dersom ein ikkje får medhald i klagen, vert den sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerdsle, sjå forvaltningslova § 28 og 33.

Kopi av vedtaket vert sendt til politiet, skatteetaten og andre offentlege instansar som kan ha interesse av vedtaket.

Vilkår for å få serveringsløyve

Dagleg leiar for serveringsstaden må bestå etablerarprøven for å dokumentere nødvendig kunnskap om økonomistyring og gjeldande lover. 

www.vinn.no  finn du spørsmål og svar i høve etablerarprøven. Bestill time for å ta etablererprøven.

Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.

Kor lenge varer eit serveringsløyve?

Serveringsløyve er utan tidsavgrensing, i motsetnad til skjenkeløyve, som gjeld for fire år om gongen.

Dersom serveringsstaden blir teke over av ein annan, fell serveringsløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter at det blei inngått avtale om overdraging.

Før du byrjar å servera, må du ha fått innvilga løyve, eller stadfeste godkjent overdraging.

Du har krav på å få innvilga serveringsløyve dersom vilkåra i serveringslova er oppfylte, og det ikkje er andre forhold som gjer det utilrådeleg å gje løyve. Det er gratis å søkja om og ha eit serveringsløyve. 

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonseptet og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Sjå skjema for endring i drift og søknad lenger nede på sida.

Kva tid treng du ikkje serveringsløyve?

Du treng ikkje serveringsløyve for servering som ikke skjer i næring. For eksempel treng du ikkje løyve for å selga vaflar på skulekorpset sin loppemarknad.

Kravet til serveringsløyve gjeld når serveringsstaden er forretningsmessig organisert. Dersom du gjer deg næring av å reise frå stad til stad med eit mobilt gatekjøkken eller liknande, skal du normalt ha løyve frå kommunen der verksemda er registrert.

Gratis servering og catering, krev normalt ikkje serveringsløyve.