Sinnemeistring er eit tilbod til kvinner og menn som har problem med å finne akseptable reaksjonsformer i høve valds- og aggresjonsproblem.
Hjå oss møter du behandlarar som har god kjennskap til denne problematikken og er utdanna sinnemeistringsterapeutar.
I tillegg til at det kan være til hjelp for den enkelte, vil det også kunne bidra til auka livskvalitet for øvrige familiemedlemmar.  
På kurset vil du:
•    Lære tenlege måtar å regulere sinnet på.
•    Bli betre kjend med deg sjølv.
•    Lære kva vald og sinne er.
•    Bli kjend med andre som har det som deg.
Tilbodet og kursmateriell er gratis. Gruppa har plass til 6-8 deltakarar.
Kurset vil ha oppstart i løpet av hausten, og det vil vera eit møte i veka over ca. 15 veker, avhengig av kor mange deltakarar som deltek.
Tidspunkt for kursdagar vil ein få nærmare informasjon om, men det vil på dagtid. Ein har rett på fri frå jobb då dette blir sett på som behandling.
For meir informasjon, sjå video her: https://dinutvei.no/film/sinnemestring-brosetmodellen-film/

Tenker du at dette kan vere noko for deg, ta kontakt med:
Bodil Nesbø (97552124), Mari Helvik (46472108) eller Jostein Øgård (47629737) evt. Utekontakten@stord.kommune.no for meir informasjon og påmelding.