Den kommunale beredskapsorganisasjonen

Hovudmål 

Stord kommune sitt beredskapsarbeid har som mål å utvikla eit handteringsapparat som kan redusera konsekvensane krise-, katastrofe- og krigssituasjonar.

Delmål

  • Stord kommune har ei leiing som er mentalt førebudd på ein krisesituasjon og er handlingsorientert dersom ein slik situasjon oppstår.
  • Kommunen har etablert kommunal kriseleiing (KKL) og eigen plan er laga for dette.
  • Risiko- og sårbarhetsanalysen (ROS) er eit sentralt verkemiddel når det gjeld førebygging og utarbeiding av delplanar.
  • Øving og opplæring vert gjennomført jamnleg.

Organisasjon

Siktemålet skal vera ein mest mogeleg normal organisering av tenestene.  Då ein del kommunale oppgåver blir nedprioritert, kan personell flyttast frå einingar der oppgåver blir redusert i høve ein normal situasjon, til einingar der oppgåveløysing krev auka personellomfang.

Kriseleiinga har fullmakt til å gjera organisasjonsendringar og overføring av kommunalt personell dersom tilhøva tilseier dette.

Målsetjinga er å halda oppe kommunen si ordinære drift så langt det er mogeleg. 

Kriseleiinga

Kriseleiinga er samansett av:

  • Ordførar
  • Kommunedirektør - leiar
  • Personal- og organisasjonssjef
  • Kommunalsjef(ane)
  • Representant frå fellestenester  

Alt etter kva krisesituasjon det er, vil andre tiltre kriseleiinga, t.d:

  • Brannsjef
  • Lensmann
  • Leiar for dei kommunale foretaka ( bygg/eigedom og VAR )
  • Representant frå kyrkja
  • Representant frå regulering, byggesak og oppmåling

Kontaktinformasjon 

Dersom du i ein krisesituasjon har behov for å kontakta beredskapsgruppa i Stord kommune, kontakt følgjande personar:

  1. Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt
    Tlf. 414 16 503
    E-post: mariann.jacobsen.hilt@stord.kommune.no
     
  2. Kommunalsjef Tommy Johansen
    Tlf. 975 67 035
    E-post: tommy.johansen@stord.kommune.no 
     
  3. Personal- og organisasjonssjef Siren Eldøy Hinderaker
    Tlf. 922 20 894
    E-post: siren.eldoy.hinderaker@stord.kommune.no 
     
  4. Kommunalsjef Anne Karin Fossdal
    Tlf. 907 62 789
    E-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no 
     
  5. Kommuneoverlege Petra Turet Olsen
    Tlf. 456 54 671
    E-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no 
     
  6. Brannsjef Jan Ove Anthun
    Tlf. 975 520 53 / 53 49 68 45
    E-post: jan.ove.anthun@stord.kommune.no 

Andre viktige telefonnummer

Politi

53 40 28 00
53 40 28 49

Legevakt

116 117 / 53 45 61 40

Fylkesmannen 

55 57 20 00
55 57 20 09

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap 

482 12 000