Ein blir varsla om at me kjem på tilsyn via tekstmelding (sms) og e-post. Ein i hushaldninga må vera heime når me kjem. kan du ikkje vera heime, bør du avtala med nokon som kan sleppe oss inn eller aller helst avtala ny tid eller dag. Personen må kjenne bustaden godt.

Når me kjem heim til deg kontrollerer me røykvarslerane, sløkkjeutstyr og rømingsvegar. Me sjekkar også om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar. Dårleg vedlikehald og feil montering av fyringsanlegg kan føre til helsefare og i verste fall brann. I tilegg ønskjer me å gi deg råd i spørsmål om fyring, fyringsøkonomi og branntryggleik i heimen.

Målet med å få gjennomført tilsyn i bustaden er å redusera faren for brann. Me ønskjer å komma med gode råd om branntryggleik i heimen. Me ser i hovudsak på skorstein og eldstad, men tar også ein gjennomgang av sløkkjeutstyr, røykvarslarar og rømningsvegar.

Tilsynspersonell som kjem på besøk er alltid uniformerte, å skal ha legitimasjon med seg.

Kor ofte ein skal gå tilsyn blir fastsett ut i frå behov. Dersom ein har alvorlege avvik vil me komma igjen til avviket er lukka.

Det blir ved avvik sendt ut rapport i etterkant.

For å mota sms om at me kjem må ein vera sikker på at kontakt informasjonen er rett. Dette kan ein sjekke på www.norge.no

Feiing og tilsyn skal sikre bebuarar etter gjeldande lover og forskrifter.