1. Førehandskonferanse etter plan- og bygningslova

Deltakarar: Tiltakshavar og ansvarleg søkjar

Søkjar ber om førehandskonferanse. Sender førespurnad til RBO ( Regulering, Byggesak og Oppmåling). RBO finn tidspunkt. Barnehagekonsulent og kommunelege vert invitert til å vera med.

Ein førehandskonferanse er eit formelt møte som skal freista å avklara føresetnader og rammer for vidare sakshandsaming etter plan- og bygningslovgjevinga:

  • Tiltakshavar og eventuelt ansvarleg søkjar sin representant gjer greie for planane med vekt på plassering, omfang, framdrift med meir.
     
  • Kommunen som plan- og bygningsmynde gjer greie for arealplanar som gjeld for området, status på infrastruktur, aktuelle tiltaksklassar, søkjetypar, koordinering mot andre mynde samt kommunen si eiga sakshandsaming, her under forventa sakshandsamingstid. Det kan og orienterast om andre aktuelle lover og forskrifter som har tyding for sakshandsaminga.

2. Søknad om løyve til tiltak – søketypar – kven gjer kva i ei byggesak

Før utbygging av nye lokale kan setjast i gang og eksisterande lokale kan takast i bruk til barnehage må dette vera søkt om og godkjent etter plan- og bygningslova.

  • Det skal som hovudregel søkjast om løyve til tiltak for både nybygg/tilbygg og omgjering (bruksendring) av eksisterande bygg til barnehage. Det kan søkjast i eit eller fleire trinn. Ved fleirtrinns søknad må første søknad (rammesøknad) avklara tiltaket si plassering og utforming, forholdet til arealplan, andre mynde og så vidare. Tiltakssøknad vil og omfatta uteområda. Ein søknad kan berre utarbeidast og sendast inn av eit føretak (ansvarleg søkjar) som oppfyller visse krav til fagleg kompetanse og har kvalitetssystem gode nok. Slik prekvalifisering kan føretak berre få ved å senda inn søknad om godkjenning av føretak for ansvarsrett (sentral eller lokal godkjenning). Ansvarleg søkjar må syta for å skaffa kvalifiserte føretak som utfører prosjekteringa samt evtentuelt utføringa, samt ha kontakten med kommunen som bygningsmynde.
     
  • Når det gjeld forholdet til andre mynde, må ansvarleg søkjar også koordinera innhenting av uttaler/løyve frå desse. Dette gjeld arbeidstilsynet (bygg med arbeidsplassar), vegmynde (ved ny eller utvida bruk av avkjørsle) og miljømynde (nytt/utvida utsleppsløyve). Men bygningsmyndet krev og at det ligg føre førehandsuttaler frå Barnehagemyndet og Miljøretta helsevern før det vert gjeve byggeløyve (rammeløyve). Dette kjem i tillegg til naudsynt endeleg godkjenning frå barnehagemyndet og miljøretta helsevern for bruken av lokala etter særlovene.
     
  • Krev eit byggetiltak dispensasjon frå arealplan eller mindre vesentleg reguleringsendring, må det seinast søkjast om dette samtidig med rammesøknaden. Kommunen innhentar om nødvendig uttale frå kulturmynde, fylkesmann, med meir.
     
  • Mindre tiltak på eksisterande barnehage kan på visse vilkår sendast inn av eigar/driftar sjølv etter reglane for mindre byggearbeid på alt bebygd eigedom. Dette gjeld frittliggjande uthus, mindre tilbygg og lignande. Det må ikkje vera trong for dispensasjonar, ikkje liggja føre nabomerknader og det gjeld ikkje bruksendringar/utviding av aktivitet. Kommunen må på førehand kontaktast for å få avklart om tiltak kan sendast inn som melding og for å bestilla dokument som trengs som grunnlag for å utforme slik søknad ("meldingspakke").

3. Kva skal forklarast/ utgreiast i søknad om godkjenning etter lov om barnehagar?

  • Det skal gjevast ei forklaring av korleis drifta skal organiserast, til dømes om kor mange barn (under og over tre år) og korleis barnehagen skal ivareta barna sine ulike funksjonsnivå jamfør § 1 og § 2 i lov om barnehagar.
     
  • Det skal giast ei oversikt over barnehagen sine fysiske rammer, dvs. teikningar av lokale og uteområde med høve til leik, utfordringar og tilgjengelegheit for alle (universell utforming).
     
  • Det skal føreliggja ein bemanningsplan som skal visa at drifta er forsvarleg og kan oppfylla lova og rammeplanen sine krav.
     
  • Framlegg til vedtekter skal liggja ved søknaden.
     
  • Det skal og leggjast ved framlegg til budsjett. Dette for at godkjenningsmynde skal kunna vurdera om det samsvarar med bemanningsplan.
     
  • Dersom eigar sjølv skal arbeida i barnehagen/ opphalda seg der over lengre tid (14 dagar eller meir) må politiattest liggja føre for eigar.

4. Kva skal utgreiast i søknad om godkjenning etter miljøretta helsevern?

  • Forklaring av organisering av verksemda, mellom anna om tal på barn.
  • Det skal føreliggja ein framdriftsplan for etablering og /eller endring av verksemda.
  • Det skal føreliggja oversikt over dokument verksemda har nytta som underlagsdokumentasjon for søknaden, til dels relevant regelverk, godkjende normer/ standardar og rettleiingar med meir.
  • Det skal føreliggja oversyn over særskilde tilhøve som gjeld barna si helse, til dels plasseringstilhøve, uteareal, særskild utforming av bygning med meir.
  • Det skal føreliggja plan for oppfølging og kontroll av krav i forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule.

Søknadsskjema finn du nedanfor: