Barneverntenesta skal sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Tenesta skal også medverka til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Når barn på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særlege behov, skal det iverksetjast tiltak for barnet og familien. Tiltaka skal ha barnet sitt beste som målsetjing.

Alle tiltak skal evaluerast med jamne mellomrom. Målet er at barnet skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine utan tiltak frå barneverntjenesten. 

Barnevernet skal driva førebyggjande samarbeid med andre tenester og frivillige organisasjonar.

Barnevernet set i verk undersøking etter bekymringsmelding frå til dømes foreldre, barnet sjølv, annan familie, helsestasjon, barnehage, skule, sjukehus, politi og NAV.

Er du uroa for eit barn? I rettleiaren Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Stord kommune (BTI) finn du korleis ein skal gå fram ved ulike situasjonar.

BTI rettleiar for Bømlo kommune  

BTI rettleiar for Fitjar kommune

Kontakt oss

Vakttelefon dagtid: 975 52 163

måndag-fredag kl. 08.00-15.00. Sommarope 09.00 - 14.00.

Vakttelefon kveld/natt: 919 14 430
måndag - fredag kl. 15.30 - 08.00

Stord kommune sentralbord 53 49 66 00

Einingsleiar: Marianne Kannelønning

E-post: sib@stord.kommune.no  

Adresse

SKE-bygget, Lønningsåsen 1, 3. etasje.
Postboks 326
5402 Stord

Send sikker digital post til barnevernet

Med eDialog kan du enkelt senda brev og dokument til oss på ein trygg måte, også om dei inneheld personsensitive opplysingar og/eller er unnateke offentlegheit. Dokumenta må vera i pdf format.

Send sikker digital post til Barneverntenesta i Stord, Fitjar og Bømlo

Meld frå til barnevernet

Sunnhordland interkommunale barnevern(Sib) brukar nasjonal portal for bekymringsmeldingar. Portalen gjer det enklare å senda bekymringsmelding, og barnevernstenesta vil umiddelbart motta den i sitt fagsystem.

Send inn bekymringsmelding

Her gjer du val for offentleg tilsett eller som privat person.

Det vil framleis vera mogleg å sende bekymringsmelding per post, men barnevernstenesta oppmodar deg på det sterkaste å nytte det digitale skjemaet når du skal sende bekymringsmelding til oss.

Kva skjer når du sender digital bekymringsmelding?

Når du går inn på ovannemnde lenke finn du informasjon om bekymringsmelding, melde- og opplysingsplikt til barnevernstenesta. Du vel rett kommune å sende bekymringsmeldinga til, for så å logge på løysinga med elektronisk id.

Som offentleg tilsett skal meldinga knytast til eining og eininga sitt organisasjonsnummer.

Du kan ikkje lagre skjemaet undervegs. Du må difor sørge for å ha all nødvendig informasjon klar når du startar å skrive bekymringsmeldinga. Informasjon som vert etterspurt i skjemaet er:

  • organisasjonsnummer
  • barnet sitt namn, adresse og personnummer
  • kontaktinformasjon til foreldre
  • kvifor du er bekymra
  • tidlegare tiltak i di eining for å hjelpa barnet
  • andre hjelpeinstansar som er i kontakt med barnet

Dersom bekymringa gjeld fleire barn i same familie kan du legge inn alle barna i same skjema. Dersom du har ulik bekymring for fleire barn i ein familie, må du sende inn eitt skjema per barn.

Når du har sendt bekymringsmeldinga kan du trykke på «Vis kvittering» for å få opp det som er sendt inn. Då kan du velja å skrive ut, enten som PDF eller i papirversjon. Det er viktig å nytta denne funksjonen slik at du får arkivert bekymringsmeldinga i eige arkiv på det aktuelle barnet.

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om nasjonal portal for bekymringsmelding, eller ønskjer hjelp til å koma i gong med å bruka løysinga,  ta kontakt med Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste, mottakstelefon 975 52 163.

Sakshandsaming

Lov om barneverntenester har følgjande fristar for sakshandsamingstid:

  • Avklaring av melding: 1 veke
  • Undersøking: 0 - 3 månader. I særlege tilfelle inntil 6 månader.