british flag English version


Dei viktigaste lenkene finn du til høgre, meir utfyllande og god informasjon finst på nettsida VisitSunnhordland

Fysisk turistinformasjon i Stord kulturhus, som ligg like ved parkeringshuset ved Amfi Stord.

Stord kulturhus

Hamnegata 1, 5411 Stord. TLF: 53 49 69 66
Kino - basseng - bibliotek
Ope heile sommaren

Opningstider, program og billettar: https://stord.kulturhus.no/

Turistinformasjonen er open måndag til fredag 09.30 – 15.30

Elles hjelper me så godt me kan i opningstidene til kulturhuset.

Utstyr og aktivitetar

BUA STORD
Hamnegata 20, 5411 Stord
Ope måndag 12-15, tysdag-onsdag 14-17

På BUA kan ein låna utstyr til ulike aktivitetar innan sport og friluftsliv gratis.
Reserver på nettsida https://www.bua.io/bua-stord/utstyr og hent/ lever i opningstida.

Ved Stord Kulturhus er det petanquebanar og skaterampe.

Det er råd å låna kano i Ådlandsvatnet, sjå stord-fitjar.dnt.no/kano/ for meir informasjon.

Tur og bading

Det er mange gode turløyper i nærleiken av Leirvik hamn, til dømes Ådlandsvatnet, Landåsen, Hystadmarkjo og Gullberg.
Det er fine badeplassar i Sponavikjo, Hystadmarkjo og ved Ådlandsvatnet.

Sjå ut.no for kart og løyper.

Stolpejakt
Stolpejakta går ut på å finna sentralt plasserte stolpar som kan registrerast både manuelt, digitalt og ved å lasta ned ein applikasjon på mobilen.
Sjå stolpejakten.no og vel Stord.

Kunst og kulturminne

Det er mykje spennande kunst å sjå på Stord.
På nettsida stord.nkdb.no finn ein oversikt over kommunal kunst og kvar du kan sjå denne.

Avisa Sunnhordland har ein skulpturguide, som er eit fint utgangspunkt for å gå ein kunst-tur: sunnhordland.no/fredagspraten/skulpturguide-for-stord/

På kulturminnesok.no finn ein informasjon om kulturmiljø, kulturminne og landskap og kvar desse ligg.

Transport

Byen har svært gode høve for samferdsel med effektive kollektivsamband til resten av regionen og til hovudstaden. 
- Til og frå Oslo går det direktefly alle dagar utanom laurdag med DAT.
- Mellom Stavanger, Haugesund og Bergen går ekspressbussen Kystbussen.
- Hurtigbåt mellom Bergen, Bergen lufthavn og andre tettstadar i Sunnhordland med Norled
- Ferje- og lokalbussruter finn du på Skyss.

Museum

Sunnhordland museum
Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Ope tysdag til sundag kl 11.00-16.00
Resten av året er det ope måndag til fredag


Stord Maritime Museum
Nattrutekaien 21, 5411 Stord

Ope 20. juni til 20. august:
Tysdag-onsdag og fredag-laurdag kl. 11.00-16.00
Resten av året er det ope kvar tysdag