Me har starta arbeidet med revisjon av kommuneplanen. Les meir her.

Kommuneplanen skal vera ein lokalpolitisk styringsreiskap i samspel med nasjonale og fylkespolitiske planar og føresegner, med lokalt tilpassa strategiar og aktuelle tiltak.

Kommuneplanen omfattar samfunnsdel og arealdel og består av tekstdel og plankart med tilhøyrande føresegner, retningsliner og vedlegg. Kommuneplanen sin arealdel viser hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, og kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala.

Plandokument

Kommuneplan for Stord kommune 2010-2021 (21 mb)

Dersom du ikkje får opna dokumentet over, kan du prøva å lasta ned kommuneplanen i fleire delar:

Saksprotokoll

Arealdelen til kommuneplanen fin du òg  i kartsystemet Fonnakart.

Dokumenta kan også sjåast ved Eining for regulering, byggesak og oppmåling i rådhuset.

Delrapportar

Risiko- og sårbarhetsanalyse
Strandsonekartlegging i Stord kommune
Prosjektrapport ”Grøntstruktur ,turvegar og gang- og sykkelvegar på Stord”
Konsekvensutgreiing Heiane sør
Konsekvensutgreiing Vestlio, Ørehaugen sør og nord, delrapport 1
Konsekvensutgreiing Tyse, delrapport 2
Bydelssenter ved Nordbygdo, delrapport 3
Konsekvensutgreiing Hystad gnr. 26, bnr. 1 m.fl.
Konsekvensutgreiing Tømmervik, del av gnr. 48, bnr. 1Konsekvensutgreiing Kvernaneset

Kommuneplanen

Etter § 11-1 skal kommunen ha ein samla kommuneplan som omfattar  samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver, og bør  omfatta alle viktige mål og oppgåver i kommunen. Planen skal
ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og leggja retningsliner og pålegg frå statlege og regionale mynde til grunn.

Kommuneplanen skal vidare ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgja opp dei 4 påfølgjande åra eller meir, og som skal  reviderast årleg.  Økonomiplanen etter kommunelova §44, vil slik det er høve til etter ny plan-  og bygningslov, utgjera Stord  kommune sin handlingsdel til kommuneplanen.

Samfunnsdelen som er nærare omtala i § 11-2, skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for lokalsamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal leggjast til grunn for  kommunen si eiga verksemd og statlege og regionale mynde sine verksemder i kommunen.

Arealdelen

Etter § 11-5 skal kommunen ha ein arealplan for heile kommunen som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det kan og utarbeidast arealplanar for deler av kommunen sitt område (kommunedelplanar).

Arealdelen skal visa hovudtrekka i arealdisponeringa, rammer og vilkår for  kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, samt kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala. Arealdelen skal omfatta plankart, bestemmelsar og planbeskrivelse der det framgår korleis nasjonale mål og retningsliner, og overordna planer for arealbruk er ivareteke.
 
Plankartet skal i nødvendig grad vise hovudformål og omsynsoner for bruk og  vern av areal.

Planprogram

Planprogrammet skal gjera greie for

  • Føremålet med planarbeidet
  • Planprosessen med fristar og deltakarar
  • Opplegget for medverknad
  • Kva alternativ som skal vurderast og trongen for utgreiingar

Forslaget til planprogram skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg  ettersyn samstundes med varsling av planoppstart.