Kart ferjeleieFerjeleiet for sambandet mellom Kvinnherad og Stord vart flytta frå Leirvik til Skjersholmane 1. mai 2003. Tidlegare gjekk sambandet frå Leirvik sentrum til Ranavik og Sunde.

Ferjeleiet vart flytta etter ein omfattande prosess der konklusjonen vart mellombels flytting av ferjeleiet. Skjersholmane gav auka reisetid, og det skulle difor arbeidast for å få etablert ny ferjekai med kortare ferjestrekning.

Kommunane Stord og Kvinnherad samt Hordaland Fylkeskommune klaga vedtaket om flytting inn for Samferdsledepartementet. I brev av 23. april 2003 opprettheldt departementet vedtaket til Statens vegvesen, men opna for vurdering av ny ferjekailøysing for å oppnå eit kortare ferjesamband.

I handlingsprogram for Nasjonal transportplan 2006 - 2015 heiter det at "det er ikkje funne midlar til denne kaien i denne planperioden, men vi reknar med at prosjektet vert teke opp når vi skal revidera handlingsprogrammet for neste planperiode."

Utarbeiding av eit planprogram er første steg i den formelle prosessen for å gje planavklaring til lokalisering av nytt ferjeleie. I dette arbeidet er Statens Vegvesen tiltakshavar og Stord kommune er planstyresmakt. Programmet skal klargjera innhaldet i og premiss for det vidare plan- og utgreiingsarbeidet. Planprogrammet inneheld også oversyn over prosess for informasjon og medverknad.

Plandokument

Kommunedelpan med konsekvensutgreiing: Rv 544 Ferjesambandet Stord-Kvinnherad: Lokalisering av ferjeleie på Stord

Andre aktuelle dokument

Protokoll frå kommunestyret 18.06.2009