Hovudplan veg er utarbeidd for å leggja eit betre grunnlag for framtidig ressursinnsats innan vedlikehald og forsterkning av det kommunale vegnettet, og planen skal vera eit handlingsretta verkty med prioriterte tiltak det skal satsast på i planperioden.

Planen er basert på behov og kostnader for vedlikehald samt forsterkning av vegnettet til ynskt standard. For å få ein komplett oversikt vert det kravd ei registrering av alle vegobjekt (plassering/antall/tilstand). Hovudplan veg er basert på eksisterande vegnett, det vil sei at eventuelle nye vegar ikkje er vurdert.

Sidan hovudplan påverkar veg- og trafikkhøve for kommunen sine innbyggjarar vert planen gjeven status som kommunedelplan etter Plan- og bygningslova sine føresegner. Dermed kan planen integrerast i kommunen sin rullerande plan- og styringssystem.

Plandokument