Statlege planar

Statlig plan kan nyttast i situasjonar der det ikkje kan forventast at den ordinære kommunale planlegginga vil føre til et resultat som kan verta godteke av staten. Vedkommande kommune skal i naudsynt grad bistå departementet i arbeidet, for eksempel i samband med høyring og utlegging til offentlig ettersyn og tiltak for å sikre god medverknad.

Her finn du statlege planar

Nasjonal transportplan

Nasjonal transportplan (NTP) presenterer regjeringa sin transportpolitikk. Viktige mål er effektiv bruk av verkemiddel og styrka samspel mellom transportformane. Nasjonal transportplan 2018–2029 blei lagt frem 5. april 2017.

Her finn du nasjonal transportplan

Regionale planar

Ei viktig oppgåve for Hordaland fylkeskommune er å utarbeide regionale planar. Planane skal ligge til grunn for fylkeskommunal verksemd og er retningsgjevande for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylka. Fylkestinget er planmyndigheit.

Regional plan kan gjelde for heile fylket, for delar av fylket, eller ta opp avgrensa tema for heile eller delar av fylket. For regional plan skal det utarbeidast planprogram som grunnlag for planarbeidet. Til alle regionale planar blir det utarbeidd handlingsprogram som skal rullerast årleg. 

Kva planar fylkeskommunen skal arbeide med vert avklart gjennom regional planstrategi.