Innsatsteam
Generelt
Innsatsteamet er ei tverrfagleg teneste beståande av sjukepleiar og ergoterapeut. Me kan tilby tverrfagleg kartlegging og hjelp til personar som har opplevd endring i funksjonsnivå og/eller livssituasjon grunna sjukdom eller skade.
Me ynskjer å legge til rette for ein mest mogleg sjølvstendig og aktiv kvardag . Innsatsteamet samarbeider tett med pårørande, Tildelingskontoret, kommunal ergo- og fysioterapeut, fastlege, sjukehus, velferdsteknologi og Heimebaserte tenester.
Målgruppe
Tenesta er for deg som har behov for tverrfagleg oppfølging etter utskriving frå sjukehus/institusjon, eller som førebyggande tiltak for å kunne bu trygt i eigen heim.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Alle henvendingar til Innsatsteamet skal gå gjennom Tildelingskontoret i Stord kommune eller Heimebaserte tenester.
Henvendingar til Innsatsteamet blir behandla fortløpande i samarbeid med sakshandsamar for helse- og omsorgstenester.
Rutine ved henvending er at Innsatsteamet opprettar kontakt med brukar på institusjon for kartlegging før heimreise. Ved behov blir det oppretta kontakt med pårørande for kartlegging av bustad. Målet med dette er å oppnå gode pasientførløp.
Kontakt
Sjukepleiar: Hege Lindås Nordhus – 53 49 67 23
Ergoterapeut: Marte Lundanes – 53 49 67 23
Anna informasjon
Tjenesten oppdatert: 15.11.2018 17:54