Velferdsteknologi
Generelt
Tenesteomtale
Stord kommune har tatt i bruk teknologi som kan påverka kvaliteten på tenesta og som kan føra til at fleire kan bu heime lengre.
Du kan søkja om velferdsteknologi til Tildelingskontoret eller via tenesta, til dømes koordinator, demensrådgjevar og innsatsateam. Det vert gjort ei kartlegging for å finna den teknologien som best stettar ditt behov.
Her finn du informasjon om dei ulike velferdsteknologiske løysingane me tilbyr som ein del av tenesta:
Tryggleiksalarm
Tyggleiksalarmen gir deg høve til å tilkalla hjelp frå Heimebaserte tenester ved behov. Du kan senda søknad til Tildelingskontoret ved behov for tryggleiksalarm. Du kan velga om du ynskjer å ha alarmknappen på arm eller i ei snor rundt halsen. Alarmknappen er vanntett.
Fallalarm
Dersom du har fare for fall kan du byte ut alarmknappen som høyrer til tryggleiksalarmen med ein fallalarm som varslar ved fall.
Dørsensor
Dørsensor vert installert etter karlegging og behov. Dørsensoren varslar Trygghetssentralen som igjen varslar heimetenesta t.d. om ei dør vert opna. Det er mest vanleg er å ha den på mellom kl. 22.00-07.00, men dette kan tilpassast etter brukar sitt ynskje og behov.
Røykvarslar
Røykvarslar kan du ved behov og kartlegging få som ei tilleggsteneste til tryggleiksalarmen. Ved utløysing vil brannvesenet bli varsla av Trygghetssentralen. Røykvarslaren egnar seg for personar som ikkje sjølv kan varsle brannvesenet ved røykutvikling.
Sengesensor/fråværsmatte
Sengesensor/fråværsmatte vert etter behov og kartlegging nytta for å varsle og/eller aktivere ei handling når brukar forlet senga og ikkje kjem tilbake. Sengesensor/fråværsmatte kjem som ekstrautstyr til tryggleiksalarmen.
GPS
GPS vert etter behov og karlegging tilbydd til personar med t.d. ein demenssjukdom. GPS kan i nokre tilfelle bidra til å oppretthalde eit sjølvstendig og aktivt liv, til tross for utviklingen av sjukdommen. GPS er ein ekstra tryggleik for både brukar sjølv og for pårørande. Det vert kun gjort sporing ved behov. Pårørande kan sjølv administrere GPS’en. For brukarar i eit tidleg forløp, der pårarande ynskjer å administrere ev søk, tilrår me at brukar sjølv skaffar seg ein høveleg GPS.
Medisindispenser
Medisindispenser vert etter behov og kartlegging gitt til brukarar som kan administrere medisin sjølv, men som gjerne treng påminning om å ta medisin. Medisindispenseren er ein automatisk medisindosett som varslar når medisinen skal takast anten ved lyd eller lys. Dersom brukar ikkje tar medisinen sin kan helsepersonell eller pårørande verta varsla på SMS.
Multidosedispenser
Multidosedispenseren vert etter behov og kartlegging gitt til brukarar som nyttar multidoserull og som kan administrere medisin sjølv. Dispensaren varsler med lyd og lys når det er tid for å ta medisinen. Brukaren trykker på en stor blinkende knapp og dispenseren leverer ut ein open pose med medisin.
Dispenseren kommuniserer trådlaust, og helsepersonell kan gjere endringar ved behov for dispensaren utan å fysisk måtte møte opp i heimen. Dersom brukar ikkje tar medisinen sin kan helsepersonell eller pårørande verta varsla på SMS.
Digitalt tilsyn
Digitalt tilsyn er eit trygt og sikkert alternativ til fysisk tilsyn på natt og vert gitt til brukar etter behov og kartlegging. Kamera blir aktivert ved avtalte tider, t.d. to gongar per natt. Det blir automastisk ført logg over kven og kortid tilsyn er utført, og ingen bilete eller video vert lagra. Kamera vert retta mot tak eller vegg når det ikkje er aktivt. Dersom brukar ikkje ligg i senga tek me nytt tilsyn etter 20 min. Er brukar framleis ikkje i senga kjem heimetensta heim til brukar.
Pris for tenesta
Kontakt
Ta kontakt med din koordinator, innsatsteam, heimerehabiliteringsteamet eller Tildelingskontoret på tlf 53 49 66 00
Tjenesten oppdatert: 22.01.2019 12:11