Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Bustadrådgjevingsteneste

Generelt

Bustadrådgjevingsgruppa i kommunen skal gje råd og rettleiing til deg som har behov for å gjera endringar i bustaden din. Dei kan og vurdera fysiske behov, hjelpemiddel, byggtekniske løysingar og personlig økonomi/behov for finansiering (lån/tilskot).

Målgruppe

Eldre eller folk med nedsett funksjonsevne.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Er du eldre eller har nedsett funksjonsevne? Treng du å tilpassa bustaden din for å fungera betre og kunne verta buande i heimen din? Du har sjølv ansvaret for bustaden din, og at denne er godt eigna for deg. Men kommunen kan hjelpa med råd og rettleiing dersom du treng å gjera endringar i bustaden din.

Personar med nedsett funksjonsevne kan få både faglege råd og økonomisk stønad til å tilpassa bustaden sin. Bustadrådgjevingsgruppa i kommunen kan vurdera fysiske behov, hjelpemiddel, byggtekniske løysingar og personlig økonomi/behov for finansiering (lån/tilskot) i ein samanheng.

Ei slik utgreiing av behova dine og dei byggtekniske og økonomiske mogleikane vil gi deg betre grunnlag til å bestemma kva du ønskjer å gjera med bustaden din. Dette skal vera med å sikra ei god løysing som kan fungera for deg over tid og som du har råd til.

Du kan ta kontakt med bustadrådgjevingstenesta på tildelingskontoret for meir informasjon, eller spør ergoterapeuten din om dette er noko for deg.

Dersom det berre er behov for små grep i heimen din, vil ergoterapitenesta hjelpa deg med råd samt nødvendige hjelpemiddel, men du må gjerne ta kontakt med bustadrådgjevingstenesta dersom du har spørsmål.

Merk at dersom du likevel skal pussa opp bustaden din, bør du tenka på at bustaden skal fungera også dersom du får nedsett funksjonsevne. Det er mogeleg for eldre å søka tilskot til tiltak som gjer bustaden betre tilpassa før behovet er til stades. Dette er behovsprøvd og avhengig av nok midlar å tildela.

Det er og laga ein funksjonsattest som kan nyttast ved vurdering av bustaden. Denne finn du til høgre.

Kontakt

Marianne Ankervold

Tlf. 53 45 64 84 

Postadressa er: 
Postboks 304
5402 Stord

Send e-post 

Tjenesten oppdatert: 08.02.2019 11:59