Det vil sei at me tek imot søknader, vurderer kva behov for tenester du treng, og fattar vedtak. Tildelingskontoret er også ei koordinerande eining. Det vil sei at me har det overordna ansvaret for å koordinera tenester til deg som har behov for langvarige og koordinerte tenester.
Rettleiing
Me gir generell informasjon, råd og rettleiing om helse- og omsorgstenester, frivillige tilbod og støtte til pårørande.
Dersom du skal motta tenester heime, vil me, saman med deg, undersøkja om det er forhold i heimen din, som har betydning for arbeidsmiljøet til dei tilsette.
Nokre av opplysningane me ber deg om, blir registrert etter ein eigen standard og sendt til eit sentralt register, kalt IPLOS.
Søkja om bustadtenester
Til oversikt over bustadtenester
Bustadkontoret finn du i rådhuset. Me gir deg økonomisk råd og rettleiing om korleis du kan skaffa deg din eigen bustad.
Telefon kommunal- eller omsorgsbustad: 53 49 66 60 (sentralbord)
Tilsette
Tildelingskontoret har opent for telefon og avtalte besøk måndag-fredag kl. 12.30–14.30.
Bustadkontoret har opent for avtalte besøk måndag–torsdag kl. 09.30–14.30.
Tiltaket har som mål i større grad å skjerma sakshandsamarane sitt arbeid, auka kvaliteten og gi betre kundebehandling til innbyggjarane i Stord kommune.
Dersom du vil møta oss på kontoret, ynskjer me at du avtaler eit møtetidspunkt for møtet på førehand.
Namn og kontaktinformasjon | Arbeidsoppgåver |
---|---|
Nina Steinsbø Walquist Telefon: 53 49 69 01 / 975 52 048 | Einingsleiar |
Kjetil Øyehaug | Nestleiar Handsamar søknader og spørsmål om omsorgstenester, i hovudsak til unge og vaksne med psykiske vanskar/sjukdom og- eller rusproblem. |
Ingfrid Kambe | Handsamar søknader og spørsmål om helse- og omsorgstenester til barn og unge. |
Liljan Helene M. Dahl | Handsamar søknader og spørsmål om omsorgstenester heime, området sentrum og nord. Ho har også søknader og spørsmål om institusjonsplass. |
Siri Skram Farestveit | Handsamar søknader og spørsmål om omsorgstenester i område vest. |
Kine A. Jensen | E-meldingsansvarleg (sjukehus-fastlege-kommune). |
Synnøve Hovland | Sakshandsaming utviklingshemma i bufellesskap. |
Sissel Ottesen Hovland | Sakshandsaming utviklingshemma i bufellesskap. Handsamar søknader og spørsmål om omsorgstenester heime og institusjon |
Wigdis Laukhamar (fri onsdag) | Sakshandsamar vederlag for opphold i institusjon, og interkommunal døgnavdeling (IDA). |
Ingjerd Fagertun Solsvik | Koordinator velferdsteknologi |
Randi Lise Dahle | Handsamar søknader og spørsmål om husbanklån, bustadtilskot og startlån frå Husbanken. |
Birgit Almås | Handsamar søknader og spørsmål om startlåna og bustadtilskot frå Husbanken. |
Sten Arve Johnsen | Handsamar søknader og spørsmål om kommunal bustad. |
Koordinerande eining
Kontakt koordinerande eining på telefon 53 45 64 81 / 474 72 473
Personar med omfattande behov for tenester (meir enn to tenester) har krav på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining i kommunen er ein del av Tildelingskontoret. Me har ansvar for oppfølginga av dette arbeidet:
- Vurdering og sakshandsaming av søknader om individuell plan og koordinator
- Ha oversikt over personlige koordinatorar og eksisterande individuelle planar (IP)
- Kvalitetssikre arbeidet med individuelle planar
- Medverke til opplæring og oppfølging av personlege koordinatorar
- Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
- Bidra til samarbeid på tvers av fagområder, nivå og sektorar, herunder helseføretak
- Ha fokus på brukarmedverknad og ha ei sentral rolle i å tilretteleggje for gode overgangar og pasientforløp.
Koordinering tyder: «å få til å verke saman»
Sjå Helsedirektoratet sin film om individuell plan og koordinator: Individuell plan og koordinator (youtube.com)