Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tannhelseteneste

Den offentlege tannhelsetenesta er gratis for alle under 18 år og består av jamleg kontroll og behandling. Som regel må vaksne betale sjølv, men det finst unntak.

Tenesteomtale

Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta og tilbyr gratis behandling til prioriterte grupper. I tillegg får 19- og 20-åringar tilbod om behandling til 25 % av offentlege takstar.

Målgruppe

Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til desse prioriterte gruppene:

  • Born og ungdom frå fødselen til og med det året dei fyller 18 år
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
  • Flyktningar og asylsøkarar på statlege mottak
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret 
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere

I tillegg har rusmiddelavhengige/-misbrukarar under kommunal rusomsorg rett til gratis tannbehandling.

Pris for tenesta

For dei tre første gruppene er tenesta gratis. Kommunen kan gje stønad til tannbehandling (etter pasient- og brukarrettslova) for dei som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt. Nav Trygd har eigne reglar om stønad til tannbehandling ved sjukdom.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Fell du inn under ei av dei prioriterte gruppene, treng du ikkje søkje om tenesta. Fylkeskommunen skal vere oppsøkjande. Gje melding dersom du eller borna dine ikkje blir følgde opp.

Ta kontakt med kommunen for støtte til tannbehandling etter pasient- og brukarrettslova. Ta kontakt med Nav Trygd for stønad til tannbehandling i samband med sjukdom.

Høve til å klage

Om du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til det organet som fylkeskommunen avgjer. Går avgjerda deg imot eller klagen avvist, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kontakt

Tenesta oppdatert: 14.10.2021 09:20