Ved varig behov for eit hjelpemiddel, kan Stord kommune hjelpa til med å søkja. Hjelpemiddelbehovet må vere stadfesta av helsepersonell i kommunen.

Det kommunale hjelpemiddellageret (biletet) ligg i Stord kommunale rehabiliteringssenter på Leirvik.  

Utlån av tekniske hjelpemiddel for ein akuttsituasjon / kortare tid

Personar som har trong for å låna eit hjelpemiddel i ein akuttsituasjon, eller for eit kortare tidsrom, skal anten kontakta dei heimebaserte tenestene i sitt område, eller Tildelingskontoret  i rådhuset på Leirvik.

Samstundes som ein mottek hjelpemiddelet, får ein eit følgjeskriv som seier kven ein kan kontakta dersom ein treng hjelp vidare.

Dersom ein treng mindre hjelpemidlar, som strømpepåtrekkar, gripetang, krykker og forhøgingsklossar til seng/stol, må det kjøpast på helsebutikk.

Varig behov

Personar som har eit varig lånebehov, kan få hjelpemiddel gjennom folketrygda. Dei heimebaserte tenestene har søknadsskjema og hjelper til med å søkja. Det er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland som forvaltar hjelpemiddel som tilhøyrer folketrygda.

Hjelpemidlane blir leverte til felles utleveringsstad, som er i rehabiliteringssenteret på Leirvik. Brukar vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Etter avtale kan hjelpemiddel hentast eller leverast til brukar.

Denne tenesta er lovheimla i Lov om folketrygd, §10.

Reparasjon av tekniske hjelpemiddel

Behovet for reparasjon skal meldast til Tildelingskontoret.