Fellestenester har ansvar følgjande oppgåver:
- Sentralbord, informasjon og sal.
- Førebuing og gjennomføring av alle dei politiske møta i kommunen. Les meir om politisk sekretariat nedanfor.
- Overordna ansvar for gjennomføring av kommunestyre-, fylkes- og stortingsval i Stord kommune. Les meir om val her.
- Registrering av all inngåande og utgåande post i Stord kommune, samt ansvar for arkiveringa. Les meir om innsyn her og arkiv nedanfor.
- Hjelpe publikum og pressa med innsyn i offentlege dokument frå kommunen. Innsyn kan bestillast via postlistene til kommunen.
- Sakshandsaming vigsel, parkeringsløyve for rørslehemma, følgjekort, parkeringsklager, serverings- og skjenkeløyve.
- Alkohol- og tobakksforvaltning.
- Kunnskapsprøven for alkohol (skjenking og sal) og etablererprøve.
Arkiv
Arkivet til Stord kommune befinn seg i 1. etasje i Stord rådhus. Kommunen har plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.
Arkivleiar er Knut Bartnes.
Arkivplan
Til Stord kommune sin arkivplan.
Historisk arkiv
- Les om historia om korleis Stord rådhus vart til i 1965
- Eldre møteinnkallingar og protokollar
- Arkivregister
Politisk sekretariat
Fellestenester har sekretæransvar for alle dei politiske møta i Stord kommune. Det politiske sekretariatet har følgjande oppgåver:
- Utsending og publisering av møteinnkallingar i forkant av alle politiske møte. Det skal skje i hovudsak ti dagar før møta
- Innkalling av varamedlemar ved forfall
- Sekretær i møta med ansvar for møteprotokoll
- Møtegodtgjersle
Dersom du er folkevald og må melde forfall til eit møte, må du melde frå til post@stord.kommune.no eller på telefon 53 49 66 00 så snart som mogleg.
Sakshandsamar har ansvar for oppfølgjing av vedtak. Publikum skal difor ta kontakt med sakshandsamar og ikkje møtesekretær.
Alle dei politiske møta er opne for publikum, med mindre det vert handsama saker som er unnateke offfentleg innsyn.
Sekretærar
Marit Annie Åkra, tlf. 53 49 66 53
- Kommunestyret
- Formannskapet
- Den særskilde klagenemnd
- Valstyret
- Valnemnda
Haldis Lauksund, tlf 53 49 66 90
- Utval for rehabilitering, helse og omsorg
- Utval for plan og utvkling
- Eldrerådet
- Rådet for funksjonshemma
- Ungdomsrådet
Helena Schwatz, tlf 53 49 66 51
- Utval for oppvekst og kultur