Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
07. april kl. 08:13

Informasjon kring koronaviruset

Les meir clear
A A A

Følgjekort

Eit følgjekort gjer det mogleg å ta med seg følgje utan ekstra kostnader på kultur- og fritidsarrangement og på transportmiddel der ordninga blir akseptert.

Tenesteomtale

Er du funksjonshemma, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.

Ordninga med følgjekort skal vera eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og med det bidra til auka livskvalitet for den funksjonshemma som på grunn av nedsatt funksjonsevne treng hjelp og støtte for å delta i samfunnet. Ordninga omfattar normalt personar med funksjonshemming som varer i minst 2-3 år. 

Kommunen vurderer kor lang tid kortet skal gjelda for, det kan vera tidsavgrensa eller varig.

Ein kan berre få eitt følgjekort pr. søkjar. Dette gjeld også barn med delt bustad, personar som regelmessig oppheld seg i avlastningsbustad og liknande. Det er den som har søkt og fått kort, som er eigar av kortet, ikkje følgjepersonane.

Kriterium/vilkår

Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Nedre aldersgrense for søkjarar er normalt åtte år.

Pris for tenesta

Følgjebeviset er gratis.

Samarbeidspartnarar

Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.

Lover

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Søknadsskjema for følgjekort (ledsagerbevis) er elektronisk.

Vedlegg

Passfoto

Førstegongsøkarar må legge ved sakkunnig vurdering om den funksjonshemma sitt behov for ledsager frå enten primærlege, legespesialist, offentlig godkjent helseinstitusjon eller kommunen si helse- og sosialteneste.

Saksbehandling

Vi innhentar eventuelt fråsegn om ditt behov for følgje frå lege, helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket.

Kontakt

Fellestenester

Tlf: 53 49 66 00

Send e-post

Tjenesten oppdatert: 14.02.2020 14:49