Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Koronainformasjon

Vaksinering     Bestill koronatest

A A A

Vigsel

Skal du gifte deg borgarleg? Då kan du kontakte oss for å bestille tid og lokale. Gå også inn på skatteetaten.no. for å sende inn dei nødvendige skjema.

Tenesteomtale

Bryllup.topp

Kommunane har ansvaret for gjennomføringa av borgarlege vigslar i Noreg.

Ordførar, varaordførar og rådmann er dei som har mynde til å vie par i Stord kommune.

Det er mogeleg å bli vigde på virkedagar i tidsromet 08.00-15.00 og laurdagar i tidsromet 12.00-15.00 under føresetnad at det er tilgjengelege vigslarar. Vigsling kan gå føre seg i kommunestyresalen i rådhuset eller annan sjølvvald stad. Dersom vigsling skal skje utanfor rådhuset, kjem ev. reiseutgifter for vigslar i tillegg til ev. anna gebyr.

Ynskjer de å gifta dykk i utlandet finn de informasjon om dette på skatteetaten.no.     

Korona-restriksjonar

Me vil for ordens skuld gjera merksam på at dei statlege reglane og retningslinene for arrangement som vert gjeve i samband med Korona-epidemien også gjeld ved borgarleg vigsel i Stord kommune.

Avhengig av smittesituasjonen kan reglane og råda endre seg, følg med på Helsenorge.no. Stord kommune kan i tillegg ha lokale råd og reglar om arrangement og samlingar, følg difor med på koronasidene våre i tillegg. 

Kriterium/vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

Pris for tenesta

Busette i Stord kommune

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale på virkedagar mellom kl. 08.00-15.00 kr 0,-*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale laurdagar mellom kl. 12.00-15.00 kr 2 500,-
    *Dersom vigselen skal gå føre seg annan stad enn på rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslar i tillegg

Busette i utlandet og som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg jf. ekteskapslova § 12a

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale på virkedagar mellom kl. 08.00-15.00 kr 0,-*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale laurdagar mellom kl. 12.00-15.00 kr 2 500,-*
    *Dersom vigselen skal gå føre seg annan stad enn på rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslar i tillegg

Busette i andre kommunar

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale på virkedagar mellom kl. 08.00-15.00 kr 1 500,-*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale laurdagar mellom kl. 12.00-15.00 kr 4 000,-*
    *Dersom vigselen skal gå føre seg annan stad enn på rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslar i tillegg

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

Forskrift om kommunale vigsler
Ekteskapsloven
Forskrift om registrering og melding av vigsel

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

De kan registrere dykk for vigsel i Stord kommune med ein gong de byrjar å planlegge giftarmål. Me reserverer dato og tidspunkt for dykk dersom ein vigslar er tilgjengeleg og ev. kommunestyresalen er ledig. Det er lurt å registrere alternative datoar/tidspunkt.

Prøvingsattesten ettersender de til oss så snart de får den i hende frå skatteetaten. Den kan ikkje vera eldre enn 4 månader på vigselsdagen.

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan du søkje om prøving av ekteskap digitalt. Behandlingstida er likevel 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Skjema som skal fyllast ut er desse:
  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
  • Melding om endring av namn, dersom du skal skifte namn.
Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no.
 
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
 
Original prøvingsattest skal leverast til kommunen.

De må ha med gyldig legitimasjon å vise fram vigselsdagen.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Slike innslag må vera avklara i god tid på førehand.

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege via Altinn, eller i posten frå Folkeregisteret. 

Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Høve til å klage


Kontakt

Fellestenester

Tlf: 53 49 66 00

Tenesta oppdatert: 19.04.2021 12:31