Institusjonstenesta tilbyr

  • Langtidsplassar
  • Korttidsplassar
  • Utredning og behandling av personar med demens
  • Medisinsk behandling

Søknadsskjema finn du lenger nede på sida.

Betalingssatsar

Praktisk informasjon til nye pasientar som får tildelt plass på Stord sjukeheim

Gullberg/Korttid

Avdelinga er delt inn i tre grupper. Gruppene ligg i A, B og C-bygg. A-bygg er ei somatisk gruppe med 9 plassar. B-bygg er og ei somatisk gruppe med 5 plassar.  C-bygg har korttid og rullerande plassar. Denne gruppa har ingen faste plassar. Alle gruppene har eige avdelingskjøken og stove. Dei deltar og på fellesaktivitetar i Hauglandstova.

Avdelingssjukepleiar er: Hanne Haugland
Tlf: 53 40 44 73
send e-post
Vakttelefon til avdelinga: 53 45 45 32

 

Måltid

Måltida finn stad i avdelingskjøkken.

Avdelinga har ulike målgrupper

Avdelinga gir tilbod til bebuarar med nedsett funksjonsnivå pga ulike kroppslege sjukdomar. Mange bebuarar har fleire diagnosar. Avdelinga gir og tilbod til bebuarar med alvorleg demenssjukdom. Bebuarane vert overflytta frå demensavdelinga når demenssjukdomen er blitt så alvorleg at bebuarane (etter ei fagleg vurdering) ikkje har glede/nytte av miljøtiltak og sosialt samvær, slik det vert tilbydd i demensavdelinga.

Heimekoselege rom

Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Ei god leselampe kan og vera viktig. Besøk skal vera på rommet til pasienten. Når ein har besøk, vil me vanlegvis servera måltid på rommet. Pasientar på korttidsgruppa skal ikkje ha med seg møblar, her er det enkel møblering og TV på alle rom. 

Aktivitetar

På kvardagane (både på dag og kveldstid) er det tilbod om aktivitetar som t.d. bingo, songstund med pensjonistkoret, trim, andakt, høgtlesing, kaffikos eller liknande. Røde Kors pasientvener vitjar sjukeheimen ein gong i veka.

Intern flytting i sjukeheimen

Sjukeheimen gir tenester til ulike brukarar med mange forskjellige diagnosar. Det vil alltid liggja ei fagleg vurdering til grunn for flytting. Pårørande vil verta informert.

Bergtun bufellesskap

Bergtun bufellesskap er ei avdeling med 8 omsorgsleiligheter som ligg i 3 etasje på Stord sjukeheim.

Søknad og tildeling av plass/tenester

Søknad og tildeling av tenesta vert handsama av Tildelingskontoret. Romma er umøblerte, og dei som får plass møblerer romma sine sjølve eller saman med pårørande.

Bebuarane dekkjer utgifter på same måte som om dei bur i eigen heim. I eigenbetalinga ligg betaling for husleige m/straum, mat, leige og vask av handklede/sengetøy og privattøy. Kommunen vaskar fellesrom etter faste satsar.

Visjon

Kultur, trivsel og omsorg i kvardagen

Mål

  • Bergtun bufellesskap skal vera open og ein del av Stordsamfunnet.
  • Alle som har heimen sin her, deira pårørande og alle andre som vitjar oss skal kjenna seg velkomne.
  • Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø.
  • Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie.
  • Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg.
  • Samarbeida med pårørande for å oppretthalda det sosiale nettverket til bebuarane.
  • Utøva oppgåver av fagleg høg kvalitet overfor bebuarar og pårørande.
  • Gje personar under utdanning gode læresituasjonar.
  • Personalet har høg fagkompetanse

(Visjon og mål er henta frå det som ligg under informasjon om knutsaåasen omsorgssenter. Bergtun blir drifta heilt på same måte)

Vikjo (for personar med psykiske lidingar)

Avdelinga ligg i nedste etasje i nybygget (4.etg), og har plass til 18 bebuarar.

Avdelinga er delt inn i to grupper og er for personar med psykiske lidingar. Avdelinga har tre stover og eitt kjøken der dei kan opphalda seg og få servert måltid. 

Avdelingssjukepleiar er Marit Hellebø Hetlesæter
Tlf: 53 40 44 75
Vakttelefon i avdelinga: 53 45 43 62

Send e-post

Bebuarrom

Alle romma har eigen terassedør og det er fint om de nyttar rommet til bebuaren, hagen, foajeen eller Hauglandsstova når pårørande er på besøk.

Backertunet (for personar med demens)

Avdeling Backertunet er bygd spesielt for personar med demenssjukdom, og har plass til 27 pasientar, fordelt på 4 grupper. Kvar gruppe har stove, kjøkken med spiseplass og servicerom (vaskerom, skyllerom, lager, vaktrom/kontor) i tillegg til pasientrom med eigne bad. Kvar gruppe har direkte utgang til hage.

Pasientane i denne avdelinga bør kunne gjere seg nytte av miljøtilbod og samvær med andre pasientar. Når demenssjukdommen er blitt så alvorleg at pasienten, etter ei fagleg vurdering ikkje har nytte av tilbodet, får han/ho flytte til ei gruppe i ein somatisk avdeling. Pårørande vil verte informert.

Avdelingssjukepleiar er Solfrid Aasheim 
Tlf: 53 45 45 05
Vakttelefon i avdelinga: 53 45 45 11

send e-post til Solfrid Aasheim

Sansehagen

Sansehagen i Stord sjukeheim

Uteområdet ved Backertunet er forma som ein stor, fin hage. Den blir mykje brukt av pasient saman med personal og pårørande. Hagen fungerer som ein sansehage, der pasientane skal oppleva:

  • at dei er trygge
  • at dei får bevega seg og vera ute i frisk luft
  • at ulike sanseinntrykk kan stimulera til gjennkjenning
  • at deltaking på ulike aktivitetar gir ein meiningsfull dag

Hagen er ramma inn slik at dei som nyttar den er inne i eit avgrensa, trygt område.

Heimekoselege rom

Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg ein god stol og ting dei set pris på frå heimen. Ei god leselampe kan og vere viktig. Når pasienten får besøk nyttar ein rommet.

 

Skjerma gruppe

Tlf: 53 45 45 14 evt 53 45 45 15
Stord kommune har eit spesialtilbod til personar med demenssjukdom med særleg behov for oppfølging. Gruppa her har plass til 6 pasientar. Her er det meir bemanning og betre avgrensa miljø. Eit tilbod i denne gruppa vil vere avgrensa i tid. Når pasienten etter ei fagleg vurdering ikkje lenger treng slik oppfølging, skal han/ho flytte til ei anna avdeling.

Det er utarbeidd kriterier for bruk av plassane i gruppa:

  • Pasienten skal vere diagnostisert før innlegging
  • Pasienten skal vere forholdsvis fysisk og mobil
  • Pasienten har slik åtferd at det av omsyn til tryggleik og verdigheit er behov for skjerming og tett oppfølging

Bufellesskapet

Tlf: 53 45 45 12 evt 53 45 45 13
Gruppa har plass til 7 pasientar. Dei må vera forholdsvis fysisk mobile og kunne nyttiggjere seg av eit miljøterapeautisk tilbod. Demensdiagnose skal vere stilt før innkomst.

Midtgruppa

Tlf: 53 45 45 17 evt 53 45 45 18
Gruppa har plass til 7 pasientar. Dei må vere forholdsvis fysisk mobile og kunne nyttiggjere seg av eit miljøterapeautisk tilbud. Unntaksvis kan rullestolbrukarar få plass. Demensdiagnose skal vere stilt før innkomst.

Indre gruppe

Tlf: 53 45 45 19 evt 53 45 45 20
Gruppa har plass til 7 pasientar. Dei må vera forholdsvis fysisk mobile, og kunne nyttiggjere seg av eit miljøterapeautisk tilbod. Ein av plassane kan nyttast til korttid/avlastning, utgreiing og diagnostisering.

 

Ved tildeling av faste plassar i avdeling Bachertunet skal demensdiagnose skal vere stilt før innkomst. 

Knausen/Kringsjå

Avdelinga er for personar med ulike sjukdomar. Avdelinga har to grupper, fordelt på 13 bebuarar i 6. etg. og 8 bebuarar i 7. etg.

I 6. etg. er det eit smitterom som til dagleg vert brukt som korttidsrom. 7. etg. har ein stor takterasse med utsikt over heile Vikjo.

Avdelingssjukepleiar er Ida Elin Hatlevik Tvedt
Tlf: 53 45 45 06
Vakttelefon i avdelinga: 53 45 43 75

Send e-post til avdelingsleiar Ida Elin Hatlevik Tvedt

Gullskar

Avdelinga gir tilbod til bebuarar med nedsett funksjonsnivå pga ulike kroppslege sjukdomar. Mange har alvorleg grad av demenssjukdom som har utvikla seg over tid.

Heimekoselege rom

Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Ei god leselampe kan og vera viktig.  Når pasienten har besøk nyttar ein rommet eller fellesareal i 5.etg. Hagen kan og nyttast.

Aktivitetar

Det er tilsett ein aktivitør på Stord sjukeheim. På kvardagane (både på dag og kveldstid) er det tilbod om ulike aktivitetar i Hauglandstova. Sjå nytt oppslag kvar veke. 

Intern flytting i sjukeheimen

Sjukeheimen gir tenester til pasientar med mange ulike diagnosar. Det vil alltid liggja ei fagleg vurdering til grunn dersom det blir aktuelt med flytting til anna avdeling. Pårørande vil verta informert.

Overordna mål for sjukeheimen

  • Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø
  • Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie
  • Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg
  • Samarbeide med pårørande for å oppretthalda sosialt nettverk
  • Utøva optimal kvalitet i tenestene innanfor tildelte ressursar
  • Personalet har høg fagkompetanse
  • Gje personar under utdanning gode læresituasjonar og fagleg rettleiing av høg standard