Søknad og tildeling av plass/tenester

Søknad og tildeling av tenesta vert handsama av Tildelingskontoret. Romma er umøblerte, og dei som får plass møblerer romma sine sjølve eller saman med pårørande.

Bebuarane dekkjer utgifter på same måte som om dei bur i eigen heim. I eigenbetalinga ligg betaling for husleige m/straum, mat, leige og vask av handklede/sengetøy og privattøy. Kommunen vaskar fellesrom etter faste satsar. Det er høve til å søkja om tekniske hjelpemidlar frå Hjelpemiddelsentralen.

Betalingssatsar

Søknadsskjema om helse- og omsorgsstenester finn du lenger nede på sida.

Visjon

Kultur, trivsel og omsorg i kvardagen

Mål

  • Knutsaåsen Omsorgssenter skal vera open og ein del av Stordsamfunnet.
  • Alle som har heimen sin her, deira pårørande og alle andre som vitjar oss skal kjenna seg velkomne.
  • Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø.
  • Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie.
  • Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg.
  • Samarbeida med pårørande for å oppretthalda det sosiale nettverket til bebuarane.
  • Utøva oppgåver av fagleg høg kvalitet overfor bebuarar og pårørande.
  • Gje personar under utdanning gode læresituasjonar.
  • Personalet har høg fagkompetanse

Avdeling 1, Somatisk

Avdelingssjukepleiar

Lidveig Stubhaug

Send e-post

Assisterande avdelingssjukepleiar

Torill Eskeland

Send e-post

 

1.etg:

13 rom

Fagkoordinator

Sonja Arnevik

Telefonnummer pleiepersonale: 

53 45 43 35/ 37/ 39 

 

2.etg:

13 rom

Fagkoordinator

Anne Guro Korsvoll

Telefonnummer pleiepersonale:

53 45 43 36/ 38/ 40

 

Måltid:

Frukost: ca kl 09.00

Lunch: ca kl 12.30

Middag: ca kl 15.30

Kvelds: ca kl 19.00

Vi ber om at det er ro rundt måltida.  V/besøk kan måltida bli servert på rommet, eller besøkjande kan venta på rommet til bebuaren.

Avdeling 2, Demens

Avdelingssjukepleiar

Randi Henriksen

Send e-post

Gruppe A

10 rom

Fagkoordinator/ assisterande avdelingssjukekepleiar:

Solgun Hovland

Send e-post

Telefonnummer pleiepersonale:

53 45 43 45/ 47/ 49 

 

Gruppe B

10 rom

Fagkoordinator:

Aud Helen Lilleås

Telefonnummer pleiepersonale:

53 45 43 46/ 48/ 50

 

Måltid

Frukost: ca kl 09.00

Lunch: ca kl 12.30

Middag: ca kl 15.30

Kvelds: ca kl 19.00

Vi ber om at det er ro rundt måltida.  V/besøk kan måltida bli servert på rommet, eller besøkjande kan venta på rommet til bebuaren.

Kva må du ha med deg når du flyttar inn

Har ein seng frå Hjelpemiddelsentralen heime, må leigetakar sjølv flytte denne (bruk evt.flyttebyrå). Dersom ein ikkje har ei slik seng i heimen, blir den bestilt på Knutsaåsen. Me har "låneseng" til den kjem. Eventuelle andre hjelpemidlar som ein har heime må og takast med, VIKTIG. Dersom ein er usikker på kva hjelpemiddel som skal takast med, ta kontakt med servicemann i kommunen: Bjarte Jørgensen

  •  Dyne og pute, eventuelt pledd eller sengeteppe.
  •  Møblar -slik at det blir heimekoseleg og praktisk, men ikkje overmøblert.
  •  Bilder til å ha på veggen. Gjerne også fotoalbum
  •  Alle klede må vera merka, sjå eige skriv for dette.
  •  Toalettsaker
  •  Alle medisinar som ein brukar/ inkontinensutstyr og reseptar.
  •  Gardiner
  •  Lampar (vegglame og golvlampe)
  •  Me ynskjer ikkje teppe på golvet då det er lett å snuble i samt at rullatorar og rullestolar får problem med kantane.
  •  Det er mogleg å ha kaffi/te ståande på pårørandekjøkken/krok

Husk å melda flytting/ adresseforandring .

Det må avklarast: Skal pårørande ha post? Kven skal ta ansvar for betaling av rekningar? Kan desse omadresserast direkte til mottakar?

Ein betaler leige så lenge ein bur på rommet d.v.s så lenge ein lever eller til ein seier opp leigeavalen. Etterlatne må derfor flytte ut bebuaren sine ting så snart det let seg gjera ved dødsfall (helst innan 3 dagar). Rekning på utvask blir sendt til leigetakar.

 

 

Informasjon om Knutsaåsen Omsorgsenter

 

Bustad/Lokale:

Dei som bur her leiger kvar sitt rom på om lag 20 kvadratmeter, med eige bad. Elles har ein felles kjøkken og stove på kvar gruppe samt ei ”Storstove” der ein har tilstellingar for alle. I avdeling 1 har alle romma direkte utgang til altanar/hage. Alle stovene og kjøkkena har også utgong til terrasse og hage.

 

Romma er umøblerte og kvar enkelt må ta med eigne møblar som sofa, ein god stol, bord, gardiner, dyne, pute, sengeteppe, gardiner, private bilder etc.(Det er TV i kvar stove på gruppene.) Det må vera plass til rullestol, rullator eller andre hjelpemidlar dersom dette er aktuelt.

Det er ikkje ynskjeleg med teppe på golvet, då desse er lette å snubla i, samlar støv og gjer reinhaldet vanskeleg.

Dei som har seng frå hjelpemiddelsentralen må ta denne med. Den kommunale transportordninga hjelper ikkje til med flytting av den. Andre hjelpemiddlar som ein har heime må også takast med.

 

Det skal teiknast ein husleigekontrakt med Stord Kommune. Ein blir då kontakta av Stord Kommunale Eigedom KF.

 

For dei som ynskjer å feira t.d. runde dagar på huset, kan vi hjelpa til med å skaffa rom for å ta imot besøkande.

 

Organisering:

Knutsaåsen Omsorgssenter er organisert i to avdelingar og desse er igjen delt inn i grupper. Det er mellom 8 og 13 som bur i lag i ei gruppe. Til saman er det 46 rom til utleige.

 

Knutsaåsen Omsorgssenter er organisert slik at det til ei kvar tid skal vera personale tilgjengeleg for den som treng hjelp. Det er alarmsignal-anlegg  på kvart enkelt rom samt i stove og kjøkken. Det er alltid fagpersonar som har ansvar for dei som bur her - dag, kveld og natt.

 

Einingsleiar:                      Esther Aasen Bjelland

Avdelingsleiar, avd. I:          Lidveig Stubhaug

Ass.avdelingsleiar               Torill Eskeland

Avdelingsleiar, avd II:         Randi Henriksen

Ass.avdelingsleiar.              Solgun Hovland

 

Tenester:

Ein sender søknad om plass på Knutsaåsen til Tingarkontoret i Kundetorget. Det blir då gjort ei fagleg vurdering av hjelpebehovet og ein får eit individuelt vedtak på personretta tenester og praktisk bistand. Med personretta tenester meiner ein til dømes hjelp til å vaske, kle seg og få i seg mat. Desse tenestene er gratis. Praktisk bistand er reinhald og rydding av rom og bad, vask av privattøy og tillaging av mat. Eigenbetalinga for dette blir rekna ut etter inntekt.

 

Betaling:

Husleige  etter satsar som du finn på Stord Kommune sine heimesider.

Privat innbu/ eigendelar vert ikkje forsikra av kommunen.

 

Legetenester:

Alle som bur på Knutsaåsen Omsorgssenter har høve til å nytta seg av sjukeheimslegen som kjem ein gong i veka. Denne tenesta dekkar kommunen kostnadane med.

Dersom det er behov for legevakt, polikliniske undersøkingar på sjukehuset, må brukaren sjølv betala eigendel for dette. Dette gjeld også transport til og frå sjukehuset, til tannlege, spesialist osv.

 

Medisinar:

Kvar enkelt må betale for eigne medisinar. Alt inkontinensmateriell får ein på blå resept. Dei som er minstepensjonistar har rett til å få att eigendelen på blå resept. Når ein har betalt 2185,-i eigenandel (eigenandelstak 1), får ein no frikort automatisk tilsendt i posten. Dette blir automatisk registrert.

 

Hjelpemiddel:

Personalet vil søkja ”Hjelpemiddelsentralen i Hordaland” dersom det er hjelpemiddel me meiner det er trong for.

Dersom ein ikkje kan skrive under sjølv, er det ynskjeleg at pårørande skriv under søknaden.

 

Post og rekningar:

Dersom ein ikkje kan ta seg av post og rekningar sjølv er det pårørande som må ta seg av dette. Det kan vera gunstig å omadressere viktig post og rekningar eller lage avtalegiro. (Apoteket tilbyr avtalegiro.) Dersom pårørande ikkje har høve til dette er det tilrådeleg å oppnemne ein verge. Fylkesmannen har ansvar for vergemålssaker.

 

Transportordning:

Det er høve til å søkja transportordning for funksjonshemma. Ein tek då kontakt med Kundetorget i Stord Kommune.

 

Bustønad:

Dersom ein har låg inntekt kan ein søkje bustønad frå Husbanken. Ein får søknadsskjema på Kundetorget. Og søknaden skal sendast til Kundetorget. Ein kan og søkje på Internett. www.husbanken.no. Obs! Husleigekontrakt må leggjast ved.

 

Husk å melda flytting og adresseendring.

Ein melder flytting til Folkeregisteret.

Nav og andre t.d. avis må få melding om adresseendring.

 

Merking av tøy:

Det er vaskeri på huset for vask av privattøy. Alt privattøy må merkast. Merkelappar kan bestillast hos www.sabo.no eller Knappehuset i Bergen. Viktig at desse lappane kan syast på. Klistrelappar fungerer ikkje

 

Frisør og fotpleie:

Det er høve til å nytta seg av frisør og fotpleiar som kjem regelmessig til Knutsaåsen, om lag ein gong i mnd. Ein gir då beskjed til personale om ein ynskjer dette.

 

I regi av Demensforeininga i Stord og Fitjar blei det våren 2007 laga til veg for rullestolbrukarar og rullator, samt planta bærbuskar og frukttre i hagen. Hagen er til for alle som ønskjer å bruka den.

 

Verdisaker:

Det er ynskjeleg at ein tek minst mogeleg verdisaker med seg, og at ein berre oppbevarer lommepengar på rommet. Større beløp kan låsast inn. Ein bør ha ca. kr. 1500,- for å kunna betala frisør, fotpleie, sosiale utflukter osv.

 

 

 

 

 

Diverse:

Det er ynskjeleg at pårørande kan vera med å halda orden i klesskap og skuffer, t.d. sjå etter om det er trong for nye klede, pynte til høgtider/rydde vekk etterpå osv. Om ein skal til tannlege, undersøkingar ved Sjukehuset o.s.v. er pårørande ansvarleg for å fylgje eller skaffe fylgje.

 

Toalettsaker:

Leigetakar må sjølv halde seg med såpe, sjampo, salver, tannkrem. Personale har høve til å bestille dette på apoteket for den enkelte dersom ein ynskjer det. Ein får då rekning på det.

 

Tannbehandling:

Behandling hos Folketannrøkta er gratis for dei som mottek helsetenester frå kommunen

(etter gjeldande reglar). Vil ein bruka privat tannlege, må ein kosta dette sjølv.

 

Måltid:

Frukost ca kl 09

Lunsj kl 12.30

Middag kl 15.30

Kvelds ca kl 19

 

Besøk:

Vi har ikkje faste besøkstider - pårørande og andre kan komma når dei vil, men vi ber om at det blir ro rundt måltida. Spesielt i dementavdelinga er det viktig å unngå for mykje nye impulsar då dette lett skaper forvirring og uro. De står sjølvsagt heilt fritt til og avtala besøk heim for bebuar når de måtte ynskje det.

Bruk parkeringsplassane. Parker ikkje inntil huset tilfelle brann og utrykkingskøyretøy.

 

Tilsynsutval

Eit politisk oppnemnt utval som skal sjå etter brukaren sitt ve og vel med tilsyn fleire gonger årleg.

 

Kontaktutval

Deltakarar her er valde representantar frå pårørande, representant frå eldrerådet og leiinga ved Knutsaåsen.

Utvalet har som målsetjing å fremja trivsel og velferd for bebuarane, og skal vera ein enkel kommunikasjonskanal for bebuarar og pårørande til leiinga ved Knutsaåsen Omsorgssenter.

Sjå oppslag på kvar avdeling med namn på deltakarane.

 

Vårt mål og ynskje er at både du som skal bu her og du/de som pårørande vil trivast hos oss, og at Knutsaåsen Omsorgssenter kan vera så heimsleg som mogeleg og opplevast som ein trygg og god stad å bu og besøkja.

Bruk romma her, ta gjerne med kaffi og mat, og finn dykk til rette. Me har både pårørandekjøkken og pårøranderom.

Er det noko du lurer på så ring gjerne til oss, eller kom innom for å sjå deg om.

 

 

 

Du og dine er hjarteleg velkommen til oss!

 

Helsing personalet ved Knutsaåsen Omsorgssenter

Aktivitetar

  • Andaktar av prest og frivillige
  • Frelsesarmeen annan kvar tirsdag formiddag
  • Kaffikos der lokale musikarar kjem annan kvar tirsdag formiddag
  • Røde-kors pasientvenene kjem på besøk ein gong i veka
  • Me har salg av klær og sko ca 4 ganger i året i storstova
  • Høgtlesing av bladet Sunnhordland
  • Arrangement i samarbeid med biblioteket/kulturskulen
  • Besøk av barnehagar, kor og andre frivillige
  • Bingo i 2.etg og avd 2 kvar veke

Andre tilbod

  • Legetilsyn ein gang i veka
  • Fotpleiar
  • Frisør
  • Tannpleiar