Telefon 55 55 33 33

Opningstider finn du på: NAV Stord - nav.no

Forside privatperson - nav.no

NAV Stord sine tenester

På NAV Stord skal du få oppfølging som er naudsam ut frå situasjonen din til å koma deg i jobb. Våre medarbeidarar vil saman med deg snakka med deg om om arbeidserfaring, utdanning, kompetanse, ferdigheiter, interesser og moglegheiter eller utfordringar du har for å komma i jobb. Saman ser me på og vurderer kva for behov du har for hjelp fra NAV for å komma i arbeid. Har du behov for kvalifisering, arbeidstrening eller andre tiltak i samband med jobbsøking, skal me samman med deg utforma ein plan for kva aktivitetar og eventuelle tiltak som vil vera aktuelle for deg.

Får du arbeidsretta oppfølging fra NAV-kontoret?

Viss du vil ha ein samtale med rettleiaren din på NAV-kontoret for arbeidsretta oppfølging, må du ringa til oss først slik at me kan setta av eit tidspunkt for deg. Då er du sikker på at rettleiaren din er ledig og forbereidd til samtalen før du kjem. Du kan også kommunisera med NAV elektronisk ved å logge deg inn på Ditt NAV, og nytta funksjonen «Skriv til oss». 

Har du spørsmål om ytelsar fra NAV?

nav.no finn du dei rette svara om rettigheiter og utbetalingar, og om kor lang tid sakshandsaminga tar. Her kan du også registrera deg som arbeidssøkjar, få gode tips om korleis du går fram, du kan senda søknadar og sjekke kor langt saka di har komt og kor mykje du får utbetalt – i tillegg til mykje anna du kan ordna sjølv. Mykje mer effektivt enn å stå i kø, ingen reiseveg og ope heile døgnet! Fin du ikkje svar på det du lurar på, kan du kontakte oss på 55 55 33 33. 

Spørsmål om pensjon?

Pensjonsekspertane i NAV svarer deg på 55 55 33 34. Sjekk først om du fin det du treng på nav.no/dinpensjon. Viss du oppsøkjer NAV-kontoret: Ta med deg kodebrikke slik at me kan hjelpa deg med sikker innlogging på nav.no

Vegvisar om økonomisk sosialhjelp

nav.no kan du finna informasjon om økonomisk sosialhjelp og naudhjelp, korleis du går fram om du treng gjeldsrådgjeving og anna informasjon om du er i ein vanskeleg bu- eller økonomisk situasjon.