Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kommunal garanti for lån

Kommunal garanti for lån betyr at Nav gir ein garanti til banken om at du kan betale tilbake lånet.

Tenesteomtale

Nav kan garantere for lån som ei form for økonomisk stønad. Garanti for lån kan vere aktuelt dersom du har behov for å ta opp eit større lånebeløp. Du kan bli vist til ein låneinstitusjon med Nav-kontoret som garantist (kausjonist).

Målgruppe

  • Dei som midlertidig ikkje er i stand til å sørgje for eige livsopphald
  • Dei som treng å låne pengar til utgifter som ikkje blir rekna som livsopphald
  • Dei som treng å låne pengar sjølv om dei ikkje har utnytta alle andre høve til å forsørgje seg sjølv 

Kriterium/vilkår

Grunnvilkåret for garanti for lån er det samme som for økonomisk stønad elles. Garanti kan bli gjeve til dei som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt sjølv eller dei som treng det for å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. I tillegg skal det vere sannsynleg at søkjaren vil vere i stand til å betale tilbake lånet.

Lover

Kommunen vel sjølv om stønaden skal gjevast i form av ein lånegaranti.  Sjå §§ 18, 19 og 21 i sosialtenestelova.

Forvaltningsloven
Sosialtjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med Nav for å få hjelp til å søkje om kommunal garanti for lån.

Saksbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan bli gjort eit vedtak innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har fått det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Tenesta oppdatert: 09.03.2021 12:03