Eininga sitt ansvar er driftsoppgåver knytt til rekneskap finansforvaltning, likviditetsstyring, budsjettoppfølging, økonomirapportering og innkjøp. 

Eininga er eit sentralt kompetansemiljø innan økonomiområdet, og har ansvar for å drifta og utvikla kommunen sine økonomisystem i tillegg til å støtta økonomiarbeidet i verksemdene. Eininga bistår rådmannen si leiargruppe i utarbeidinga av årsbudsjettet og har ansvar for rekneskapsavslutning.

Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum er eit innkjøpssamarbeid mellom kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Stord kommune er vertskommune for ordninga. Den enkelte kommune i samarbeidet har i tillegg oppnemnt ein særskilt innkjøpsansvarleg, som er medlem av innkjøpsforumet.

 

Oppgåver

  • økonomisk planlegging og styring
  • budsjettering
  • bokføring
  • fakturering
  • skanning leverandørfaktura
  • mottak av elektroniske faktura
  • innfordring kommunale krav
  • remittering
  • rapportering
  • kontoavstemmingar 
  • innkjøp

Faktura

Om du ikkje betaler rekninga di vil du få purring og det vert rekna gebyr og renter. Manglande betaling av eit krav vil føra til oppseiing av leiger og tenester. For å unngå oppseiing kan ein inngå ein nedbetalingsavtale.

For ubetalte eigedomsavgifter, festeavgifter og parkeringsbøter har kommunen legalpant i eigedomen eller bilen. Det vil seia at kommunen kan krevja trekk i løn eller trygd for desse krava. Krava kan også krevjast gjennom tvangssal av eigedom eller bil.

Innkjøp

Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum er eit innkjøpssamarbeid mellom kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Stord kommune er vertskommune for ordninga. Den enkelte kommune i samarbeidet har i tillegg oppnemnt ein særskilt innkjøpsansvarleg, som er medlem av innkjøpsforumet.

Lenker

Lenkene ovanfor går til Stord kommune sitt kvalitetssystem Compilo, og er kun tilgjengeleg for tilsette.

Målgruppe/brukarar

Alle tenesteeiningar i Stord kommune, inkl. alle lønsmottakarar

  • Bømlo kommune
  • Fitjar kommune
  • Stord Kyrkjelege Fellesråd
  • Stord Hamnestell
  • Sokneråda i Stord
  • Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS

Samarbeidspartar er m.a.

  • Kommunal Landspensjonskasse
  • Statens Pensjonskasse
  • Evry
  • Agresso
  • NAV
  • Fylkeskommunen
  • Andre kommunar
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Private barnehagar