Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktig informasjon

Korona   Koronavirus illustrasjon                Ukraina og Stord   Ukrainsk flagg

A A A

Returordningar for avfall

Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal gjenvinnast.

Tenesteomtale

Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal brukast om att. Kommunen har plikt til å ta imot visse typar avfall. Det gjeld òg produsent eller forhandlar.

  • Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel) 
    Kommunen skal sørgje for at det finst eit dekkjande tilbod for mottak av EE-avfall. Du kan òg levere EE-avfall til ein forhandlar. For hushalda er dette gratis. Leverer du næringsavfall til ein forhandlar, vil det ikkje koste noko dersom du samstundes kjøper ei tilsvarande mengd EE-produkt. 
  • Miljøskadelege batteri 
    Du kan levere batteria gratis i retur til forhandlaren når dei blir kasserte. Plikta er avgrensa til den kategorien batteri som forhandlaren sel. 
  • Kasserte dekk 
    Forhandlaren har plikt til å ta kasserte dekk gratis i retur. 
  • Flasker og boksar (emballasje til drikkevarer)  
    Utsalsstader har plikt til å ta imot ei rimeleg mengd returar av tomemballasje som går inn i ei panteordning og som dei sjølve forhandlar. Du kan krevje å få pantesummen utbetalt kontant 
  • PCB-haldige isolerglasruter 
    Isolerglasruter produserte fram til 1980 kan innehalde PCB og skal leverast inn som farleg avfall. Hushald kan levere PCB-ruter gratis til kommunalt avfallsmottak. Kommunen har plikt til å ta imot inntil 500 kg PCB-ruter per år per avfallseigar.
  • Mindre fritidsbåtar Båtar utan innanbordsmotor som ikkje er større enn 15 fot kan leverast vederlagsfritt til kommunen.

Målgruppe

Hushald og verksemder

Lover

Kommunen er pliktig til å ta imot visse typar avfall. Sjå blant anna
Forureiningslova kapittel 5
Avfallsforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5 og 14.

Avfallsforskriften
Forurensningsloven

Kontakt

Det er Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) som tømmer bossdunkane i Stord kommune. Ta kontakt med SIM sin transportør dersom dunken ikkje er tømt.

SIM har også gjennvinningsstasjon på Stord.

Tenesta oppdatert: 05.04.2021 10:29