Flyktningetenesta buset overføringsflyktningar eller flyktningar som har budd på asylmottak. Dei vert busett i kommunale eller private bustader.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Organisera, tilretteleggja og busetja så mange flyktningar som politikarane til ei kvar tid har bestemt
  • Gjennomføra og følgja opp introduksjonsordninga i samarbeid med andre tenester i NAV og Vaksenopplæringa
  • Vera bindeledd mellom flyktningane og andre offentlege tenester.
  • Koordinera/tinga tolk,oversetja dokumenter
  • Driva informasjon utad, mot kommunale instansar, utdanningsinstitusjonar, friviljuge organisasjonar, politikarar og publikum
  • Samarbeida med UDI sentralt og med IMDI regionalt
  • Gje råd og rettleiing om tilbakevending til heimlandet

Overordna mål

  • at Flyktningetenesta sitt arbeid skal letta integreringsprosessen for flyktningane
  • at alt flyktningarbeid skal føra til mobilisering av eige ansvar, og vera hjelp til sjølvhjelp, slik at flyktningane vert sjølvstendige deltakarar i samfunnet

Målgrupper

  • Flyktningar som kommunen har avtale med IMDI (Ingrerings- og mangfaldsdirektoratet) om å busetja
  • Flyktningar som har rett og plikt til Introduksjonsprogram
  • Flyktningar og innvandrar med opphaldsløyve, og som er busette i Stord
  • Offentlege tenester som arbeider opp imot flyktningar og innvandrarar

Samarbeidspartnarar

  • UDI – sentralt
  • IMDI - regionalt
  • Statlege og fylkeskommunale kontor
  • NAV -tenester: arbeid, trygd, sosial-økonomirådgjevning-husbank
  • Andre kommunale tenester og institusjonar i vår kommune
  • Flyktningtenester i nabokommunar
  • Fagleg forum for flyktningearbeidarar (FFKF) 
  • Lag og organisasjonar 
  • Det private næringsliv 
  • Tolketenester 
  • Asylmottak kringom i landet

Tinging av tolk

Flyktningtenesta i Stord kommune tingar, og dekkjer alle utgifter til, tolk for kommunale tenester. Tolk kan møta opp, eller tolka via telefon.

Flyktningtenesta kan ordna skriftleg omsetjing av viktige dokument. Me gjev også rettleiing i korleis ein brukar tolk for å oppnå god kommunikasjon.

 

Kontakt oss

Tom Haugan
Tlf: 951 88 627
Send e-post til Haugan 

Anne Tranøy Hovden
Tlf: 467 45 542 
Send e-post til Hovden

Marte Wirum
Tlf: 477 07 536
Send e-post til Wirum 

Kristin Selsås Heggøy
Tlf. 469 67 041
Send e-post til Heggøy

Arild Båtsvik
Tlf. 412 44 824
Send e-post til Båtsvik

 

Adresse
Bandadalsplassen 5

Postadresse
Bandadalsplassen 7
5417 Stord