Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktig informasjon

Korona   Koronavirus illustrasjon                Ukraina og Stord   Ukrainsk flagg

A A A

Salsløyve for alkohol

For å kunne selje alkohol i butikk må du søkje kommunen om salsløyve.

Tenesteomtale

Salsløyve er eit løyve til å selje alkohol frå butikk. Du kan få løyve for fire år om gongen.
 
Innanfor ein løyveperiode kan det skje endringar i drifta eller administrasjonen av verksemda di. Slike endringar må meldast til kommunen, då det kan gjere at du treng eit nytt løyve.
 
Ved eigarskifte må det søkjast nytt løyve så snart som mogeleg og seinast innan 30 dagar etter overføringa.
 

Kriterium/vilkår

Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.

Spørsmål og svar i høve kunnskapsprøva i alkohollova.

Lover

Sjå spesielt
Alkohollova §§ 1-3, 1-6, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.

Alkoholpolitiske retningsliner

Alkoholforskriften
Alkoholloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Vedlegg

  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest

Saksbehandling

Når kommunen har fått søknaden, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet blir gjeve etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontakt

Fellestenester

Tlf. 53 49 66 00

Tenesta oppdatert: 05.04.2021 14:08