Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skjenkeløyve - fast

Driv du ein serveringsstad og ønskjer å servere alkohol, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Tenesteomtale

Personar eller verksemder som ønskjer å drive ein serveringsstad som skjenker alkoholhaldig drikk, må søkje om skjenkeløyve. Skjenkeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen. Endringar i løpet av løyveperioden, skal straks meldast til kommunen. Døme på dette er skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Større endringar kan føre til krav om nytt løyve. Ved ei overdraging av verksemda kan ein halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at kommunen er underretta om dette og at det vert søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

Kriterium/vilkår

Skjenkeløyvet kan ikkje bli gitt åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren, styrar, reservestyrar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med reservestyrar som er knytt til serveringsstaden. Styrar og reservestyrar må begge ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova. Begge må vere over 20 år og ha eit reelt ansvar for skjenkinga og eit formelt tilsettingsforhold.

Spørsmål og svar i høve kunnskapsprøva i alkohollova.

Styrar/reservestyrar skal ha ei overordna stilling i forhold til øvrige tilsette i verksemda. Det må til ein kvar tid vera ein tilsett som har avlagt godkjent kunnskapsprøve om alkohollova tilstade ved skjenkestaden. Løyvehavar skal oppfylle dei krava som er sette i alkohollova (og serveringslova).

 

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

  • Vaktselskap/kontrollørar
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
  • Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)

Lover

Sjå spesielt:
Alkohollova §§ 1-3, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.

Alkoholpolitiske retningsliner

Forvaltningsloven
Alkoholforskriften
Alkoholloven
Serveringsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Vedlegg

  • Arbeidsavtale med/for dagleg leiar 
  • Bruksløyve (lokala til serveringsstaden må vera regulert til servering av mat og drikke)
  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve
  • Dokumentasjon på styrar og reservestyrar sin kunnskap om alkohollova
  • Driftskonsept for serveringstaden
  • Kvittering for innbetaling av gebyr for søknaden
  • Leigekontrakt/skøyte
  • Lovleg arbeidskontrakt for tilsette
  • Mva attest (ikkje eldre enn 6. mnd)
  • Målsett teikning over serverings- og skjenkestad der skjenkeareal inne og ute med baren er teikna inn
  • Skatteattest (ikkje eldre enn 6 mnd.) 
  • Stadfesting på registrering hos Mattilsynet 
  • Utskrift av aksjebok for aksjeselskapet/dokumentasjon på oppføring av enkelpersonsføretak
  • Yrkesskadeforsikring for alle tilsette

Saksbehandling

Når søknaden er teken imot, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir tildelt etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.

Saksbehandlingstid

Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontakt

Telefon: 53496600
Avdeling: Fellestenester

Tenesta oppdatert: 05.04.2021 15:18