Vallokale og opningstid på valdagane

Stord kommune har valdagar 12. og 13. september.

 

Røystekrins Røystelokale Opningstid søndag 12.9. Opningstid 13.9.
Huglo Huglo skule (gamleskulen)   15.00 - 18.30
Leirvik Kulturhuset 13.00 - 18.00 09.00 - 21.00
Sagvåg Solidhuset   09.00 - 21.00
Nordbygdo Prestagardsskogen fleirbrukshall   09.00 - 21.00

Hugs at du har lov til å røysta i det lokalet du ønskjer!  

Hugs gyldig legitimasjon når du skal røysta. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilete. Legitimasjon skal innehalda bilete, namn og fødselsdato.

Står du i manntalet

Alle veljarar som har røysterett og er busett i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrert busett i pr. 30.06. Har du flytta etter denne datoen, er du fortsett registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil røyste på valdagane i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 12. juli til og med valdagen. Dersom du meinar at du eller nokon annnan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg og sendast til Valstyret i Stord: post@stord.kommune.no eller per post til postboks 304, 5402 Stord.

Bur du i utlandet

Bur du i utlandet, men har vert registrert i folkeregisteret som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den Kommunen der du var registrert busett då du flytta frå Noreg.

Har du ikkje vert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet.

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 12. juli til og med valdagen.

Står du ikkje oppført i manntalet, kan du senda skriftleg søknad om bli innført. Til søknadsskjema for innføring i manntal

Send skjema til:

Valstyret i Stord: post@stord.kommune.no eller per post til postboks 304, 5402 Stord.

Det vil også vera mogeleg å søkja om innføring i manntalet når du røyster. Det gjeld både ved førehandsrøyster og på valdagane-

Tidlegrøysting

Du kan tidlegrøyste på kvardagar i perioden 1. juli - 9. august 2021 på kulturhuset kl 09.00 - 15.00. 

Førehandsrøysting

TIdsrom: 10. august til 10. september.
Stad: kulturhuset

Dag Veke 32 (10.-15.aug.) Veke 33 (16.- 22.aug) Veke 34 (23.-29.aug) Veke 35 (30.aug.-5.sept.) Veke 36 (6.-10. sept)
Måndag Tidlegrøysting 09.00-15.00 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-18.00
Tysdag 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-18.00 09.00-18.00
Onsdag 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-18.00
Torsdag 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-18.00 09.00-18.00
Fredag 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30 09.00-15.30
Laurdag Stengt 10.00-14.00 10.00-14.00 10.00-14.00 Stengt

 

Det vert også førehandsrøysting på følgjande helse- og sosialinstitusjonar: Stord sjukehus, Stord sjukeheim og Knutsaåsen Omsorgssenter. 

Røysterett ved stortingsval

Røysterett ved stortingsval er allmenn, noko som inneber at røysteretten ikke er innskrenket på bakgrunn av kjønn, religion, etnisitet, eiendomsbesittelse eller andre gruppeinndelinger. Likevel må du oppfylle noen krav for å kunne stemme ved Stortingsvalg. Du må

• vera norsk statsborgar
• ha fylt 18 år innan utgongen av valårt
• vera, eller nokon gong ha vert, folkeregisterført som busett i Noreg

Det er også mogleg å mista røysteretten etter Grunnlovens § 53.

Du må ha røysterett og stå innført i manntalet for å kunne røysta. 

Desse har røysterett

Norske statsborgarar som:

  • fyller 18 år innan utgongen av valåret
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnloven § 53

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei:

  • har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterført som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret

Røysterett ved sametingsval

For å kunne røysta må du vera registrert i Sametingets valmanntall. På Stord er det kun moglegheit til å førehandsrøysta. Les meir om sametingsvalet her

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå midten av juli til og med valdagen. Dersom du meinar at du eller nokon annnan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg og sendast til Sametinget på samediggi@samediggi.no eller per post til Sametinget, postboks 3, 9735 Karasjok.

Godkjende vallister

Røysting heime

Veljarar som grunna sjukdom, uførheit eller isolasjonsplikt som følgje av covid-19 ikkje kan røyste på nokon av de ordinære førehandsrøystelokala, kan ein søkje om å røyste der dei oppheld seg. Det same gjeld veljarar som er i karantene og som ikkje kan førehandsrøyste på ordinær måte.

Fristen for å søkje om dette er fredag 10. september kl. 10.00.

Røysting heime på valdagen

Veljarar som er manntalsført i kommunen og er i isolasjon grunna covid-19, kan i 2021 søkje om å røyste der dei oppheld seg også på valdagen. Det same gjelde veljarar som er i karantene og som ikkje kan røyste på ordinær måte.

Fristen for å søkje om dette er valdagen, måndag 13. september kl. 10.00. 

Valgjennomføring og covid-19

Det skal vera trygt å røysta. Me vil sørga for å ha godt smittevern i alle vallokale.

Me oppfordrar flest mogleg til å førehandsrøysta ved årets val for å begrensa smitterisiko på grunn av koronapandemien. Me oppmodar deg som er i karantene å venta med å røysta til du er ute av karantene.

Hjelp til å røyste i vallokalet

Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røyste. Valfunksjonærane har teieplikt.

Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan røyste åleine? Då har du rett på å få hjelp til å røyste av ein valfunksjonær
eller ein annan person som du sjølv peikar ut. 

Hugs legitimasjon

Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Legitimasjonen må minst innehalde namn, fødselsdato og bilete.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din. Den tilsette må då legitimere seg.

Valkort

I år får du digitalt valkort.

Valkortet er ei stadfesting på at du har røysterett. Der står det også kvar og kva tid du kan røyste på valdagen.

Valkortet blir sendt til din digitale postkasse eller i Altinn. Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har brukt ID-porten på 18 månader, får du valkortet på papir via brevpost.

Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det sparer deg for tid. 

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Valstyret

Valgstyret har ansvar for forbereiing og gjennomføring av stortingsval, og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som vert stemt inn (valoppgjer).

Valgstyret vert leia av ordførar Gaute Straume Epland. Sjå heile medlemsoversikten

Kontakt

Valansvarleg Wenche Margrethe Kristoffersen 

Tlf. 53 49 66 53

Epost: Wenche.Margrethe.Kristoffersen@stord.kommune.no