Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne

Generelt

Barn med nedsett funksjonsevne skal ha moglegheit til å delta i barnehage i likskap med andre barn. Barnehagelova § 2, tredje ledd, stiller krav til at barnehagen skal tilpassa tilbodet blant anna ut frå barnets funksjonsnivå. Dette betyr at barnehageeigar har ansvar for å sjå til at òg barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjera innanfor dei ordinære rammene.

Kommunen skal i følge barnehagelova § 37 sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Målsettinga med tilrettelegging av tilbodet etter barnehagelova § 37 er ikkje endring og utvikling hjå barnet, men å byggja ned barrierar som gjer at barnet kan gjera seg nytte av tilbodet.

Kommunen si tilretteleggingsplikt i ein enkelt barnehage gjeld ikkje dersom tiltaket er ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Det betyr at kommunen unntaksvis kan avvisa ynskje om tilrettelegging i ein enkeltbarnehage med grunngjeving i at tiltaket inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Døme her kan vera at barnehagen ikkje har universell utforming, og ei utbetring vil medføra store kostnader for kommunen.

Les meir om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod her:

Retningsline – individuelt tilrettelagd barnehagetilbod

Brosjyre: Informasjon individuelt tilrettelagt barnehagetilbod

Tilrettelegging av barnehagetilbudet for barn med nedsatt funksjonsevne (udir.no)

 

Kven har rett til tilrettelegging?

Barn med nedsett funksjonsevne. Dette er ei samansett gruppe. Det er barn som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Barna kan ha tapt eller skade på ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vera nedsett rørsle-, syn- eller høyrefunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjarte- og lungesjukdom.

Ein må avgrense det mot forbigåande og bagatellmessige forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrar åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.

At eit barn har nedsett funksjonsevne er ikkje einstydande med at barnet treng særskild tilrettelegging i barnehagen. Det er viktig å vere medviten at barnets behov for tilrettelegging i nokre tilfelle vil kunne avhjelpast ved at dei ordinære omgjevnadane og det ordinære tilbodet vert utforma på ein måte som gjer at det kan brukast av alle på ein likeverdig måte.

Nedsett funksjonsevne treng ikkje å utgjera ei funksjonshemming. Funksjonshemming er noko som oppstår når det blir eit gap mellom barnet sine føresetnadar og omgjevnadane si utforming eller krav.

 

Kva kan tilrettelegginga gå ut på?

Tilrettelegging kan vera endring av bygg for å tilpassa barnet sine behov eller støtte til utstyr som barnet treng for å kunna gjera seg nytte av barnehagetilbodet. Tilrettelegging kan òg vere ekstra bemanning, opplæring av tilsette eller andre tiltak som er nødvendige.

Kommunen si retteleggingsplikt er avgrensa til å ikkje innebera ei uforholdsmessig byrde. Denne avgrensinga kan til dømes innebera at barnet vert tilbydd plass i ein anna barnehage som er betre tilpassa barnet sine behov for fysisk tilrettelegging.

 

Saksgang – Korleis få tenesta?

Kommunen vurderer fortløpande om eit barn kan ha behov for tilrettelegging, òg uavhengig av om kommunen får melding om behov eller ikkje. Det er likevel ein fordel om kommunen får melding frå til dømes føresette, tilsette i barnehagen eller helsestasjonen dersom eit barn har behov for individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet. Kommunen vil så henta inn tilstrekkeleg og utfyllande informasjon for å opplysa saka om barnet har nedsett funksjonsevne og slik har rett på individuell tilrettelegging, jf. barnehagelova § 37.

 

Melding

Føresette og/eller barnehagen vurderer om det skal sendast melding til kommunen om behov for individuelt tilrettelegging av barnehagetilbodet. Dersom det vert vurdert at det ikkje går an å leggja til rette for barnet innanfor det ordinære tilbodet, kan føresette senda melding til kommunen via elektronisk skjema her.

Dersom aktuelt fyller styrar/pedagogisk leiar ut skjema Informasjon om barnet frå barnehagen , og sender det til kommunen på Sikker digital post.

For å gjera sakshandsaminga rask og effektiv, ber kommunen om å få dokumentasjon om barnet sine vanskar i høve nedsette funksjonsevne så raskt som mogeleg etter innsendt melding om slikt behov. Dokumentasjonen bør sendast på Sikker digital post. Dokumentasjon/uttale kan vere frå lege, fysioterapeut, spesialisthelsetenesta, PPT.

Melding om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod vert handsama kontinuerleg.

 

Vedtak

Barnehagemynde i kommunen fattar vedtak om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod i samarbeid med føresette og barnehage. Vedtaket vert sendt føresette, med kopi til barnehagen.

 

Høve til å klaga

Føresette kan klaga på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå ein fekk vedtaket. I klaga skal ein føra opp kva ein ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunna gje rettleiing. Klaga skal sendast til Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord eller med Sikker digital post via Stord kommune si heimside.  Statsforvaltaren er klageinstans. Før klaga blir send Statsforvaltaren, skal instansen som fatta vedtaket vurdera om det er grunn til å endra det. 

 

Les meir om saksgang i:

Retningsline – individuelt tilrettelagd barnehagetilbod

 

Kontakt

Fagavdeling for oppvekst og kultur

Ragnhild Storebø

E-post. Ragnhild.storeboe@stord.kommune.no

Mobil: 976 89 249

Tenesta oppdatert: 02.10.2023 13:40