Parkeringsløyve for rørslehemma
Dersom du av forskjellige grunnar har vanskar for å gå, kan du få eit løyve som gir deg rett til å parkere på parkeringsplassar som er reserverte for rørslehemma.
Tenesteomtale
Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.
Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.
Målgruppe
Personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Når du søkjer kommunen, må du leggje ved legeattest som beskriv grada av rørslehemming. I søknaden må du også beskrive og dokumentere dei ulike stadene du har treng å parkere. Det kan vere ved bustaden din, arbeidsstaden, skule eller der du går til behandling.
Viss du søkjer på vegner av barnet ditt treng du å dokumentere at barnet treng hjelp utanfor køyretøyet.
Saksbehandling
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tenesta oppdatert: 06.01.2025 15:13
Skjema
Dokumenter
Lover og forskrifter