Kommuneplanen er den viktigaste planen for utviklinga av kommunen, og utgangspunkt for alle andre planar som kommunen lagar.

Planprogrammet

Planprogrammet har vore til høyring, og blei vedteke av kommunestyret 20. juni.2019. Planprogrammet tek utgangspunkt i følgjande tema:

  • Klima, miljø og samfunnstryggleik
  • Næringsutvikling
  • Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging
  • Levande senter
  • Helse, trivsel og oppvekst
  • Aktiv forvalting av natur- og kulturminneverdiane
  • Gode kommunale tenester
  • Regionalisering og samhandling

Les planprogrammet her

Les protokoll frå kommunestyret om planprogram her

Innbyggjarpanel

Kommunestyre vedtok 19.09.2019 å peika ut eit innbyggjarpanel, dette skal følgja arbeidet med kommuneplanen, og koma med innspel undervegs. Deltakarar i innbyggjarpanelet vil få vera med på ein spennande og viktig prosess for kommunen. 

-Les protokoll frå kommunestyret om innbyggjarpanel her

Arbeidet med kommuneplanen

Sjølve kommuneplanen er delt i samfunnsdelen og arealdelen. Me arbeider fyrst med samfunnsdelen, som fortel korleis me vil at samfunnet skal utvikla seg. Arealdelen bestemmer korleis me skal bruka areala i kommunen - til dømes kvar ein skal få byggja hus, og kva som skal vera naturområde. Til hausten vil me få høve til å koma med innspel til arealdelen.