Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vegvedlikehald

Du kan melde frå til kommunen dersom du oppdagar hol i vegen, manglande gatelys eller manglande brøyting.

Tenesteomtale

Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken. Det kan til dømes vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar og staten for riksvegane. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.

Oppgåvene kan vere

  • feiing og reinhald
  • fjerning av søppel
  • klipping av vegetasjon
  • rydding i kraftsoner
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei alminnelege erstatningsreglane. 

Lover

Sjå spesielt forurensningslova § 81 Forurensningsmyndighetene og veglova kap. III Planlegging, anlegg og vedlikehold av veg
 

Forurensningsloven
Veglova

Tenesta oppdatert: 13.05.2020 09:46