Tjenester
Dokumenter
- Retningslinje for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg
- Veg og grønt norm for Stord kommune
Dersom du planlegg å byggje eller byggje om på ein landbruksveg på eigedommen din, må du få godkjenning av kommunen.
Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.
Landbruksføretak
I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for
Kommunen kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes at vegen må stengjast med bom.
Når hovudføremålet med vegen er landbruk, dvs. at meir enn 50 % av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden behandlast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.
Sjå òg plan- og bygningslova § 29-7 Krav til produkter til byggverk.
Forvaltningsloven
Plan- og bygningsloven
Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier
Forskrift om konsekvensutredninger
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative vegtrasear bør òg komme fram.
Kartdel som viser
Statsforvaltaren skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen, Samisk kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha følgjer for interessene i fagområda deira.
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Kommunen skal behandla saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til dette med opplysning om når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tenesta oppdatert: 06.01.2025 12:12