Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skulefritidsordning (SFO)

Har du barn i 1. til 4.-klasse, kan du søkje om plass for barnet i skulefritidsordninga (SFO).

Tenesteomtale

Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. klasse og til barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.

Opptaksperiode

 

Ordinær SFO

Tilbodet fylgjer skuleåret.

Søknadsfristen er 1. april og vedtak/opptak skjer kontinuerleg fram til skulestart. Dersom det er plass, kan skulen gje tilbod om SFO til elevar òg ut over denne fristen.

SØK SFO PLASS HER

 

Tilbod om SFO i ferie og på skulefrie dagar

Føresette kan søkja om sommar-SFO og SFO på skulefrie dagar (undervisningsfrie og planleggingsdagar).

Søknadsfristen er 1. april. 

Tilbodet vert samlokalisert ved ein av barneskulane i kommunen. Dette er per i dag Leirvik skule.

Eleven har tilbodet til og med 4. trinn, eller til plassen vert sagt opp. De treng ikkje søkja kvart år.

 

Endring og oppseiing

Føresette kan sei opp eller endra plassen med minst to månads varsel rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Døme: Seier du opp SFO tilbodet 15. desember vil du ha tilbod og betalingsplikt ut februar. Frå og med mars har du ikkje tilbod og betalingsplikt.

Det må betalast for opphald i oppseiingstida, også for ubenytta plass. Dette gjeld og tilbodet om sommar SFO, og/ eller SFO på skulefrie dagar.

Merk at føresette ikkje kan sei opp eller redusera plass etter 1. mars, med verknad frå 1. april. I tilfelle dette skjer, vil foreldrebetaling likevel løpa til neste skuleår byrjar.

 

Foreldrebetaling

For SFO i skuleåret skal det betalast for 10 månadar med betalingsfrist den 20. kvar månad.

Forfall for opphaldsbetaling for sommar-SFO (juni) er i juli.

Forfall for opphaldsbetaling skulefrie dagar inneverande skuleår (ikkje sommar-SFO i juni) er i august.

Merk: ein må betale for alle dagane tilbodet gjeld, sjølv om ein ikkje nyttar SFO-tilbodet alle dei skulefrie dagane.

Forfall for opphaldsbetaling august (halve august) + sommar-SFO i august er i september.

 

Målgruppe

Elevar i grunnskulen som er busette i kommunen.

Kriterium/vilkår


Pris for tenesta

Redusert betaling for elevar på 1. til 4. trinn.
Dersom den ordinære prisen er meir enn 6 % av den samla årlege inntekta til familien, har du rett til ein redusert pris.
 
Barn med særskilde behov
Dersom du har eit barn med særskilde behov og som dermed får eit SFO-tilbod, skal tilbodet vere gratis for barn i 5.- 7. trinn.

Her finn du  pris for SFO plass

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Vedtekter for SFO finn du til høgre eller nedst på sida om du er på mobil.

Regelverk for SFO
Rutiner for legemiddelhåndtering i barnehage, skole og skolefritidsordning

Samarbeidspartnarar


Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt og § 13-7 Skolefritidsordninga.

Sjå også forskrift til opplæringslova §§ 1B-1 til 1B-3.

Forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen
Forskrift til opplæringslova
Forvaltningsloven
Opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Når du søkjer om redusert betaling må du informere om:
  •  din sivilstand
  •  dersom du ikkje har felles barn med ektefellen din/sambuar/partner må du informere om det
  •  ditt eller hushaldet sin samla brutto inntekt
  •  dersom du ikkje bur saman med barnet sin andre forelder, må du informere om det. Det er inntekta til den forelderen som bur på barnet sin folkeregistrerte adresse som blir brukt til å fastsetje inntekt.

Søk om SFO plass her.

Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontakt

Rektor ved den skulen eleven er innskriven.

Send sikker digital post

Tenesta oppdatert: 28.06.2021 11:27